Category Archives: Barn og ungdom

Raknestundagen 20. august!

Mange leirar er allereie unnagjort, og nokre gjenstår. Vi gler oss allereie til Raknestundagen, som alltid er ein fin avslutning på leirsommaren! Sett av søndag 20. august og bli med! 

Formiddagsmøte med tale av Glenn Nord-Varhaug og barneopplegg kl 11.

Matpause med sal av mat

Familiemøte kl 14.30. Andakt ved Anita Solbakk!

VELKOMMEN!

Årsmøtet 10.-11. juni!

Velkommen til årsmøte for Nordhordland Indremisjon 10. -11. juni! Klikk på bildet for større format!

PLAKAT Årsmøte 2017

Konfirmantopplegg på Frekhaug

a-sak side 1

 Confirm er namnet på det nye konfirmantopplegget i regi av Frekhaug Indremisjon.

Første pinsedag 2015 kan verta ein historisk dag i Frekhaug bedehus. Denne dagen kan det verta konfirmasjon i bedehuset for konfirmantar som har følgt konfirmantkurset Confirm. Målet er å starta opp denne hausten, første samlinga er lagt til laurdag 15. november.

-Dette er eit opplegg som har arbeidd seg fram over tid. Prosessen har vore lang, men no ser ein at tida er moden, seier Dag Erik Asdahl. Han er lærar ved Danielsen Ungdomsskule på Frekhaug, men har no i tillegg ei 20 prosent stilling i Frekhaug Indremisjon for å planleggja og gjennomføra konfirmantopplegget.

Bilde: Dag Erik Asdahl er klar til å ta imot konfirmantar i Frekhaug bedehus.