Category Archives: Leder

Kva er Nordhordland Indremisjon?

Leiar i Venehelsing nr 1/14, skriven av krinsleiar Asle Hetlebakke

I skrivande stund har eg nett sett meg i krinsleiarstolen i Nordhordland Indremisjon. Det har gått over ti år sidan eg sat her sist, men eg har heile denne tida fått vera tilsett i organisasjonen, og trur eg kan seia at eg kjenner arbeidet godt.

Kva er så Nordhordland Indremisjon? Det er mange formuleringar som kan brukast for å svara på spørsmålet. Det er ein misjonsorganisasjon, ein arbeidsgjevar, ein skuleeigar, ein møtearrangør osb. Men lovene våre gir oss også eit godt svar når det står slik: «Nordhordland Indremisjon er ei samanslutning av lokale indremisjonsforeiningar og lag, forsamlingar og kyrkjelydar.» Og kva består så desse ulike lokale laga av? Jau, dei består av menneske. Hadde det ikkje vore for at menneske engasjerte seg i indremisjonsarbeidet hadde det ikkje vore noko indremisjonsarbeid. Hadde ingen lagt ned tid og krefter i Nordhordland Indremisjon hadde det berre vore ein organisasjon på papiret.