Category Archives: Arrangement

Velkommen til Raknestunbasaren 23. september!

Basarplakat jpg

Raknestundagen 20. august!

Mange leirar er allereie unnagjort, og nokre gjenstår. Vi gler oss allereie til Raknestundagen, som alltid er ein fin avslutning på leirsommaren! Sett av søndag 20. august og bli med! 

Formiddagsmøte med tale av Glenn Nord-Varhaug og barneopplegg kl 11.

Matpause med sal av mat

Familiemøte kl 14.30. Andakt ved Anita Solbakk!

VELKOMMEN!

Årsmøtet 10.-11. juni!

Velkommen til årsmøte for Nordhordland Indremisjon 10. -11. juni! Klikk på bildet for større format!

PLAKAT Årsmøte 2017

Eit felles kvinnetreff på Nordhordland Folkehøgskule!

kvinnetreff

Nyttårsmøte i storm

a-sak side 1Nyttårsmøtet 2015 ble preget av været, selv om det var stilt, lunt og trivelig inne i kirken på Ostereidet.

Nyttårsmøtet har lange tradisjoner i Nordhordland Indremisjon. Helt siden 1902 har misjonsfolket vært samlet til et møte ikke langt ut på nyåret. De siste årene har møtet vært på folkehøgskolen på Frekhaug, men tradisjonelt har dette vært et møte som har vært arrangert rundt i ulike bygder. I år var møtet lagt til kirken på Ostereidet, der det også har vært to ganger tidligere. Lokale indremisjonsforeninger tok seg av det praktiske opplegget.

Bilde: Vegard Soltveit holder bibeltime uten strøm til lys og høytaleranlegg. Men godt hjulpet av mange stearinlys fikk han likevel fram budskapet til dem som hadde møtt opp i stormen.

Olsvoll bedehus 100 år

Søndag 14. september markerer ein at Olsvoll bedehus er 100 år med stor jubileumsfeiring!

Festen startar kl 16.00, og det blir både attersyn, songinnslag, helsningar og festmåltid! Dagens festtale blir ved krinsleiar i Nordhordland Indremisjon, Asle Hetlebakke.

Ynskjer du å vere med på feiringa, gje ei tilbakemelding til Else Marie Dale på 4145 1980!

Nordhordland Folkehøgskule 100 år

a-sak side 1

Livsfrisk 100-åring

Nordhordland Folkehøgskule er ein høgst oppegåande og frisk 100-åring. No er jubileet markert to helger på rad.

På nyårsmøtet 3. januar 1914 vedtok det som no heiter Nordhordland Indremisjon å kjøpa Frekhaug gard for å byggja ungdomsskule der. 7. oktober kom det første kullet til skulen, som sidan 1970 har hatt namnet Nordhordland Folkehøgskule. Indremisjonskrinsen har heile tida stått som eigar av skulen, og det var difor naturleg å markera jubileet på krinsårsmøtet 100 år seinare.

Bilde: Ein del av personalet stilte med eigen song på jubileumsfesten. Fleire andre stod for musikken, men dei er ikkje synlege i bildet. F.v: Harald Wiig Andersen, Johannes Lyngset, Jan Inge Wiig Andersen, Kåre Geitanger, Erlend Åsebø, Anne Grete Rantrud, Elin Heggheim, Lise Bodil Fyllingen, Anita Gjerstad, Jørg Viereck, Janniche Wisløff Åsebø og Christian Skoge.

Bibelhelga bør bli tradisjon!

CIMG1086Siste helga i mars vart det arrangert bibelhelg på Raknestunet. Rundt 40 deltakarar var med denne helga, og både geografisk og aldersmessig var det god variasjon i flokken.

I løpet av helga var det seks bibeltimar, i tillegg til delekveld mm. Audun Hjellvik hadde tre timar om gudsmennesket Timoteus. John Roger Nesje hadde to timar med Abraham som utgangspunkt, og Asle Hetlebakke hadde ein time om Den sanne Gud. Det vart og god tid til samtalar, bønefellesskap, tur og måltider. Ei helg vi trur sette spor hos dei som var med, og som freistar til gjentaking. I alle fall var det mange av deltakarane som gav klar melding om at dette måtte vi få til også neste år. Då ville dei gjerne koma att og prøva å få fleire med seg.