Lovene

Som pdf-fil – Gjeldende Lov for Nhi

Lov for Nordhordland Indremisjon

§ 1 Status

a. Nordhordland Indremisjon er ein sjølveigande og ikkje-kommersiell (non-profit) organisasjon med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

Krinsen er tilslutta Indremisjonsforbundet.

b. Nordhordland Indremisjon er ei samanslutning av lokale indremisjonsforeiningar og lag, forsamlingar og kyrkjelydar.

Alle einingar som høyrer til krinsen, må drivast i samsvar med føremålet slik det er uttrykt i § 3 a. Desse skal støtta krinsen så langt dei kan, både med økonomiske midlar og på annan måte, så dei saman kan nå dette føremålet.

§ 2 Grunnlag

Nordhordland Indremisjon byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenning. På dette grunnlaget driv krinsen alt arbeidet sitt, og kallar og sender ut arbeidarane sine.

§ 3 Føremål

a. Nordhordland Indremisjon har til føremål å fremja Guds rike, vekkja og nøra sant kristeleg liv i krinsen, og halda oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid. For å nå dette føremålet vil ein til ei kvar tid forkynna Guds ord gjennom dei tiltak, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.

b. Nordhordland Indremisjon vil arbeida saman med Indremisjonsforbundet sentralt og dei innmelde krinsar og einingar for å styrkja indremisjonen sitt kallsoppdrag.

c. Nordhordland Indremisjon vil og verkeleggjera det ideele føremålet gjennom eigne sjølvstendige einingar dersom krinsen finn det tenleg. All slik verksemd skal byggjast på ikkje-kommersiell (non-profit) basis og mellom anna omfatta barnehage- og skuleverksemd m.m.

§ 4 Årsmøtet

a. Årsmøtet er Nordhordland Indremisjon si høgste myndigheit, og blir halde kvart år innan utgangen av juni.

Tale og røysterett på årsmøtet har:

-Utsendingar frå indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som er innmelde i krinsen. Foreiningar med inntil 50 medlemer kan senda to utsendingar. Foreiningar med meir enn 50 medlemer kan senda ein utsending meir for kvart påbyrja nytt 25. Likevel kan ingen senda meir enn seks utsendingar.

-Kontaktpersonar oppnemnde av krinsstyret.

-Krinsstyret. Krinsstyret har ikkje røysterett i saker som gjeld styret sine disposisjonar.

-Barne- og ungdomsrådet.

Styret for Indremisjonsforbundet kan senda ein utsending til årsmøtet. Denne har talerett, men ikkje røysterett.

b. Utsendingar må vera fylt 15 år.

c. Årsmøtet handsamar:

-Krinsstyret si årsmelding.

-Reviderte årsrekneskapar.

-Lovendringar.

-Andre saker som krinsstyret eller medlemene legg fram. Jfr. punkt f.

d. Årsmøtet vel:

-Formann, styremedlemer og varamedlemer til krinsstyret.

-Barne- og ungdomsråd.

-Valnemnd.

-Revisorar.

e. Årsmøtet gjer vedtaka sine med simpelt fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.

f. Vil nokon ha ei sak fram for årsmøtet, må denne vera sendt til krinsstyret seinast tre månader før årsmøtet skal haldast. Berre krinsstyret og einingar som er innmelde i krinsen kan koma med forslag til lovendringar.

g. Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman når minst 2/3 av medlemene i krinsstyret, eller 1/3 av foreiningane ber om det.

h. Krinsstyret skal kvart år arrangera eit oppbyggeleg møte rundt nyårstider. Nyårsmøtet har fullmakt til å rådleggja og gjera vedtak i saker krinsstyret legg fram for det. Lokallaga vel, på oppmoding frå krinsstyret, utsendingar til dette møtet sameleis som til årsmøtet.

§ 5 Krinsstyret

a. Nordhordland Indremisjon vert leia av krinsstyret som er krinsen si høgste myndigheit mellom årsmøta.

b. Krinsstyret har sju medlemer. Formannen blir vald av årsmøtet for eitt år, og skal vera mann. Dei andre medlemene blir valde for to år om gangen, slik at det kvart år går ut tre. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret meir enn seks år i samanheng. Styret har tre varamedlemer som er valde for eitt år. Første varamedlem møter fast i styret. Styret er vedtaksført når minst fire medlemer/varamedlemer er til stades. Styret vel seg imellom nestformann, som skal vera mann.

c. Krinsleiaren møter i styret med tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett.

d. Krinsstyret held møte når formannen kallar inn til det eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.

§ 6 Krinsstyret sine oppgåver

a. Krinsstyret skal:

-Setja i verk og føra kontroll med årsmøtet sine vedtak og avgjerder.

-Forvalta og føra kontroll med Nordhordland Indremisjon sin økonomi. Større økonomiske saker må leggjast fram for Indremisjonsforbundet sitt styre til orientering og handsamast av krinsen sitt årsmøte.

-Syta for at arbeidet vert drive i samsvar med Nordhordland Indremisjon sine lover.

b. Krinsstyret bind krinsen rettsleg. Styreformann og eit styremedlem i fellesskap har signaturrett for krinsen.

c. Krinsstyret kallar og tilset krinsleiar og andre arbeidarar, og fastset løns- og arbeidsvilkår for desse. Så langt det går an må styret ha visse for at vedkomande er ein atterfødd og levande kristen, som har indre kall til teneste i Guds rike. Den som vert kalla må ha åndeleg røynsle og mogning og må høyra til Den evangelisk-lutherske vedkjenninga.

Krinsstyret skal rådføra seg med styret i Indremisjonsforbundet før dei kallar og tilset krinsleiar. Krinsleiaren skal vera mann.

d. Krinsstyret kallar inn til årsmøte og tilrettelegg alle saker som skal handsamast av dette.

§ 7 Åndeleg tilsyn

Krinsleiar, formann og ein vald styremedlem er åndeleg leiarskap for krinsen. Desse har eit særleg hyrde- og læreansvar og skal difor vera menn.

§ 8 Barne- og ungdomsrådet

a. Barne- og ungdomsrådet har sju medlemer, den eine av desse er ungdomskonsulenten. Dei seks andre vert valde for to år om gongen. Fem av desse vert valde av årsmøtet, kvart år to eller tre medlemer, i tillegg oppnemner styret ein medlem annakvart år. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i rådet meir enn seks år i samanheng. Rådet har tre varamedlemer som er valde for eitt år. Rådet er vedtaksført når minst fire medlemer er til stades. Rådet vel seg imellom formann og nestformann.

b. Krinsleiaren og barnesekonsulenten har møte-, tale- og forslagsrett i rådet.

c. Barne- og ungdomsrådet leier krinsen sitt barne- og  ungdomsarbeid i samsvar med instruks utarbeidd av krinsstyret.

§ 9 Nordhordland Folkehøgskule

Dei valgte styremedlemmer til Styret for Nordhordland Indremisjon utgjer i sin heilskap medlemane i og årsmøtet for Foreininga Nordhordland Folkehøgskule, jf §4 i Vedtekter for Foreininga Nordhordland Folkehøgskule. Årsmøtet sine oppgåver står elles i foreininga sine vedtekter

§ 10 Raknestunet

Nordhordland Indremisjon eig og driv Raknestunet Ungdomssenter. Raknestunet har eit eige styre på fem medlemer, som leier arbeidet i samsvar med instruks utarbeidd av krinsstyret.

Krinsstyret vel styret for leirstaden. Medlemene vert valde for to år om gongen, slik at vekselvis to og tre går ut or styret kvart år. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret meir enn seks år i samanheng.

§ 11 Lojalitet i lære og liv

Alle tilsette, tillitsvalde og andre uløna medarbeidarar må leva i samsvar med kristen etikk og syna aktiv lojalitet mot Nordhordland Indremisjon sin eigenart og gjeldande retningsliner.

Tilsette med leiar-, informasjons- og forkynnaroppgåver, alle tillitsvalde i krinsstyret, lokale einingar og andre som er sette til å representera organisasjonen offentleg, må leva og læra i samsvar med Nordhordland Indremisjon sitt grunnlag.

§ 12 Oppløysing, fusjon eller fisjon

a. Skal Nordhordland Indremisjon oppløysast, må dette handsamast av ordinært årsmøte og verta vedteke med 2/3 fleirtal. Deretter må det kallast inn til ekstraordinært årsmøte innan tre månader, og vedtaket om oppløysing må her verta gjenteke med 2/3 fleirtal.

b. Etter at gyldig vedtak om oppløysing er gjort, vel årsmøtet eit avviklingsstyre som skal stå for avviklinga. Krinsstyret kan veljast til avviklingsstyre.

c. Nordhordland Indremisjon si formue skal etter oppløysing og nedbetaling av gjeld, gå til Indremisjonsforbundet.

d. Samanslutning (fusjon), eller deling (fisjon) vert ikkje sett på som oppløysing. Vedtak om samanslutning/deling og naudsynte lovendringar knytt til dette, vert gjorde i samsvar med vedtektene om lovendringar.

Krinsstyret skal i denne samanheng leggja fram ein plan for samanslutninga/delinga som årsmøtet kan røysta over. Ved samanslutning eller deling må det hentast inn samtykke frå Nordhordland Indremisjon sine kreditorar.

§ 13 Lovendring

Årsmøtet i Nordhordland Indremisjon kan endra denne lova med 2/3 fleirtal. §§ 2 og 3a, 1. ledd, kan ikkje endrast.