56 17 70 25 nordhordland@imf.no

No nærmar det seg årets Raknestundag, så her kjem litt informasjon om denne, i tillegg til plakaten, som de finn nederst på sida her.

Laurdag kveld:

Vi hadde i utgangspunktet tenkt å få til ein lovsangskveld laurdag kveld, men vi har ikkje lukkast med å få folk til dette, så det vert diverre ikkje noko arrangement laurdag kveld.

Misjonstivoli:

Det vert misjonstivoli i år òg, etter nokonlunde same lest som i fjor.

Aktivitetane vert gratis, forutan dei der det vert solgt popcorn, sukkerspinn o.l.

Parkering:

I år kjem vi berre til å bruke ein mindre del av uteområdet til misjonstivoliet, så målet er at dei fleste skal få parkering på fotballbana eller på asfalten.

Vi har òg parkering i svingen rett før brua, og så fyller vi opp ved Hjellvik bedehus for dei som ikkje får plass nede ved Raknestunet.

De kan då køyre ned til Raknestunet først, og sjekke med parkeringsvaktane om det er plass der, og evt. sleppe av passasjerar i bilen, og så kjøre opp att til Hjellvik bedehus viss det er fullt.

Det vert ikkje noko skyttelbuss frå Raknestunet til Hjellvik, slik som i fjor.

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.

Velkomen til Raknestundagen!