56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Frå og med februar startar vi opp att med raspemiddag ein gong i månaden på Raknestunet.

For dei som hugsar tilbake til før koronaen, så hadde vi då raspemiddag ein torsdag i månaden på Raknestunet. Dette ynskjer vi no å starte opp att med, og vi byrjar fredag 16.februar.

Då inviterer vi både til raspemiddag-buffet frå kl. 15.30 – 17.30, og så vert det café frå kl. 17.30 og fram mot konserten til Emilia Lindberg kl. 19.00.

Sjå prisar og annan informasjon på plakaten under her.

Framover kjem vi mest sannsynleg til å velge torsdag som dag for raspemiddag, men akkurat denne gongen tenkte vi det kunne vere kjekt å ta det same dag som konserten til Emilia Lindberg.