56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Informasjon om gåver til Nordhordland Indremisjon og skattefrådrag

Kva er skattefrådrag?

Skattefrådrag er eit frådrag ein kan få over skattemeldinga, for gåver gjevne til frivillige organisasjonar.

Firma kan også få skattefrådrag etter same modell. Ein får frådrag om ein har gjeve meir enn 500 kr, med ei øvre grense på 25 000 kr pr. år.

For å få skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar, må ein gje til ein organisasjon som er godkjent mottakar for slike gåver. Det kan ikkje Nordhordland Indremisjon vera, fordi det er eit krav om å ha «nasjonalt omfang». For å likevel kunne tilby gåver med skattefrådrag blir denne ordninga drifta av ImF sentralt, som deretter fordeler gåvene til dei krinsar/leirstader/forsamlingane/prosjekta gåvene blir gjevne til.

Dette gjer at gåver som skal ha skattefrådrag må inn via ImF sitt gåvesystem, og registrerast der. For å få skattefrådrag må då også fødsels- og personnummer vere registrert i databasen, slik at ImF kan rapportere gåvene til skatteetaten. Firma er også velkomne og får skattefrådrag ved å oppgje organisasjonsnummer!

Dette er pr. i dag dei prosjekta/formåla Nordhordland Indremisjon har, og som det er høve å gje gåver til:

Nordhordland Indremisjon

Bruk dette formålet viss du vil støtte arbeidet i Nordhordland Indremisjon generelt.

Nordhordland prosjekt barne og ungdomsarbeid

Bruk dette formålet viss du vil støtte Nordhordland Indremisjon, men barne- og ungdomsarbeidet spesielt.

Nordhordland prosjekt drabantbyarbeidet i Åsane

Bruk dette formålet viss du vil støtte drabantbyarbeidet i Åsane spesifikt.

Raknestunet leirsted

Bruk dette formålet viss du vil støtte arbeidet på Raknestunet generelt (ikkje byggeprosjektet).

 

Den gavmilde får gode dager, den som øser ut til andre, får rikelig tilbake.

Salomos ordspråk 11.25

Det er i hovudsak tre måtar ein kan gje til Nordhordland Indremisjon og få skattefrådrag

1. Fast gjevarteneste med skattefrådrag: Velg det prosjektet/formålet du ynskjer å støtte i lista over, og velg så i gåveportalen du så kjem inn på, kor ofte du vil gje gåver. Vil du auke din gjeldande avtale? Ta kontakt med oss, så ordnar me det!

2. Betaling på gåvegiro: Me sender ut 3-4 gåvekampanjar i året, adressert i hovudsak til abonnentar av Venehelsing. Desse er stila gjennom KID-nummer til den enkelte gjevar. Dersom gjevaren er registrert i systemet med fødselsnummer, får ein skattefrådrag. Dersom ein ynskjer tilsendt giro, kan ein ta kontakt med krinskontoret.

3. Enkeltgåve gjennom gåveportalen på nettet: Velg det prosjektet/formålet du ynskjer å støtte i lista over, og bruk valget «Én gang» når du kjem inn på gåveportalen. Desse gåvene blir registrert i ImF sitt system.

Internett og gåver

Som henvist over er mykje, også på gåvefronten, blitt nettbasert. Dette lettar arbeidsbyrden vår, sidan behandlinga av gåvene i stor grad blir automatisert.

Dersom du ikkje er fortruleg med internett og likevel vil gje gåver med skattefrådrag, kan du ta kontakt med krinskontoret, så hjelper me deg.

Eg vil ikkje ha skattefrådrag, korleis kan eg gje?

Dersom det ikkje er viktig for deg med skattefrådraget er det fleire måtar å gje på:

1. Direkte på kontonummer
• For gåver til krinsarbeidet: 3000.18.61561
• For gåver til drift av Raknestunet: 3000.18.61588

2. Vipps
• For gåver til krinsarbeidet: Vippsnummer 99573
• For gåver til drift Raknestunet: Vippsnummer 544253

Viss du gjev direkte til kontonummer eller via Vipps, er det flott viss du hugsar å merke gåva med «Gåve» + eventuelt spesifisering av gåva. For eksempel «Gåve til arbeidet», «Gåve til barne- og ungdomsarbeidet» osv.

Til sist vil me gjerne rette ein stor takk til alle som er med å gje! Me er heilt avhengige av økonomiske gåver om me skal kunne gå med Guds

Ord til folket i Nordhordland, ung som gamal.

«Kvar og ein må gje som han set seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller tvang. For gud elskar ein glad gjevar.» 2. Kor. 9:7