56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Tilbud om samtale

Har du/de behov for å prate med nokon?

For tida er Janne Merete Frøystad tilsett i stillinga som barne- og familiearbeidar i Nordhordland Indremisjon. Ho var ferdig utdanna sosionom i 2017, og har erfaring frå arbeid innan blant anna psykisk helse, barne- og ungdomsarbeid og sosialtjenesten. For tida er ho halvvegs i videreutdanning i familieterapi og relasjonelt arbeid ved Høgskulen på Vestland (HVL).

Som del av praksis vil ho no tilby samtalar gjennom Nordhordland Indremisjon, for den som måtte ynskje det. Ein kan kome til samtale som enkeltperson, par eller familie etc. Ta kontakt direkte med Janne Merete Frøystad på mail: jm.froystad@imf.no for å avtale tid og stad. Ein vel sjølv kva ein ynskjer å ta opp i samtale og ho har taushetsplikt. Janne Merete mottar sjølv veiledning parallelt, som ein del av utdanninga.

Tilbodet er gratis, men ein kan gjerne gi ei valfri gåve til Nordhordland Indremisjon, om ein ynskjer.