56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Alt!

Tredje Mosebok er kanskje ikkje den enklaste bibelboka å koma gjennom. I starten står det mykje om ulike offer som skal berast fram til faste tider og i spesielle situasjonar, med detaljerte bod om slakting og andre ting. Men ein dag eg las dukka det plutseleg opp eit ord på tre bokstavar i det siste verset i kapittel 5: «Og presten skal gjera soning for han for Herrens andlet, så han får tilgjeving for alt det han måtte ha gjort seg skuldig i». Det står faktisk alt. Og då kan me finna parallellar også i NT, ikkje minst i Johannes sitt første brev. «Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, så har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.» «Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.» Slik står det i vers 7 og 9 i første kapittel.

Prestane i den gamle pakt måtte heile tida koma med nye offer. Heldigvis er den tida over, for vår øvsteprest, Jesus, ordna alt, tok all synd på seg, og kunne ropa ut at det er fullført. «For offeret bar han fram ein gong for alle då han ofra seg sjølv», står det i Hebr. 7,27. Tenk at det gjeld ALT!

Asle Hetlebakke, forkynnar