56 17 70 25 nordhordland@imf.no

No nærmar det seg endeleg den store opningshelga for Raknestunet, som er 19.-21. august.
Dette trur vi skal bli veldig gøy!!

Nederst på denne sida finn du program for helga.

Minnar om at ein må melde seg på festmiddagen laurdag kveld kl. 18.00.
Dette kan gjerast ved å kontakte krinskontoret, eller ved å bruke Checkin: https://www.checkin.no/event/43808/apningsfest-for-raknestunet
Det er kun ca. 20 ledige plassar att no, så her er det førstemann til mølla som gjeld.

Elles har vi følgjande viktig tilleggsinformasjon angåande helga:

Parkering:
Grunna misjonstivoliet som skal vere på søndagen, så vert det i år ikkje mulig å parkere på fotballbana laurdag og søndag (fredag går bra).
Det vil bli alternative parkeringsplassar i nærområdet.
Dette kjem vi tilbake med meir detaljert informasjon om når det nærmar seg.

Misjonstivoli:
Misjonstivoliet som er planlagt er truleg noko av det meir spenstige som NhI nokon gong har begitt seg ut på, så vi trur absolutt at det er verdt å ofre litt parkeringsplassar for dette.
Vi kan nevne gigantisk hoppeslott, skumpartytelt, ansiktsmaling, palle-løp på sjøen, hoppemadrass, pop-corn- og sukkerspinnmaskin, bruskasseklatring ++.
Misjonstivoliet vil vere gratis.

Betaling:
De vil vere mulig å betale både kontant og med Vipps på alt som skal skje.
Vi har òg no bestilt kort-terminalar, så mest sannsynleg vil ein òg kunne betale med kort.

Valderøykvartetten:
Diverre så er ein av medlemmane i Valderøykvartetten blitt innlagt på sjukehus, så dei vert ikkje med denne helga likevel, verken fredag eller laurdag.
Vi arbeider med å få inn nokon andre i staden for dei, og vil sende ut info om dette viss dette kjem på plass.

Då ynskjer vi alle hjarteleg velkomen til opningshelg på Raknestunet, og så er det berre å ta kontakt viss de lurar på noko!

Program for helga: