56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Laurdag 15.april kl. 16.00 er du velkomen til den årlege Raknestunbasaren.

I år kan vi endeleg ha basaren på Raknestunet igjen, og det vert god stemning med åresalg, barnelotteri, sal av brus og hot dog, og kaffi og kaker.

Til åretrekningane treng vi mykje gevinstar, så har du noko du kan gje oss, ta kontakt med krinskontoret på nordhordland@imf.no, eller telefon 56 17 70 25. Kontoret er stengt fram til 11.april, så fram til dette er det e-post som må nyttast for å gje beskjed. Vi ynskjer svært gjerne å få beskjed på førehand om kva gevinstar som kjem inn, så vi ber om tilbakemelding seinast torsdag 13.april viss du har gevinstar du vil bidra med.