56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Velkomen til årsmøtet til Nordhordland Indremisjon, som i år vert 3.-4.juni på Nordhordland folkehøgskule.

Personar som skal vere utsendingar, må melde dette inn til krinskontoret innan 1.juni. Dette kan gjerast i Checkin, ved å bruke linken under her, eller ved å ta kontakt med krinskontoret på e-post eller telefon.

Me ynskjer òg at dei som skal ha måltider, i størst mogleg grad melder dette inn på førehand, slik at me kan berekne kor mykje mat me skal bestille frå folkehøgskulen. Frist: 1.juni. Bruk Checkin viss du får dette til, eller meld inn til krinskontoret på e-post eller telefon.

Viss du kun ynskjer å delta på bibeltime eller møter, og ikkje skal ha måltider, treng du ikkje melde deg på i Checkin. Viss du ynskjer å vere med på forhandlingsmøtet som tilhøyrar, ikkje utsending, treng du heller ikkje melde deg på, anna enn til evt. måltider du ynskjer.

Årsmelding, rekneskap, innkalling og andre saksdokumenter

HER finn du alle dokumenta til årsmøtet. Desse vert oppdatert fortløpande, der det manglar kandidatar til valga.

Link til påmelding i Checkin (både måltider og utsendingar): https://app.checkin.no/event/56998/matbestilling-og-pamelding-av-utsendingar-til-arsmotet-2023