56 17 70 25 nordhordland@imf.no

No, folkens, nærmar det seg at nye Raknestunet står ferdig! Det gler me oss veldig til! Men før dette skjer, må det ein del rydding, vasking, utpakking, montering o.l. til. Vi inviterer difor folket i Nordhordland på STOR-dugnad to laurdagar på rad, 21.mai og 28.mai.

Nokre av oppgåvene som skal gjerast:

-Innflytting på kjøkken

-Delvis møblering i møtesal

-Montering av utstyr aktivitetsrom

-Vask og rydding, kasting av boss (kjøre i Kjevikdalen)

-Ein del utearbeid (maling, rydding, plensåing osv.)


Folk må ta med seg nista, gjerne litt verktøy (men me har ein del) og arbeidsklær.
Me har også behov for folk med tilhengar.

Me byrjar kl. 9 begge laurdagane, og heldt på så lenge me har energi att, men satsar gjerne på å avslutte i 16-tida.

Flott om du gjev beskjed til Martin Eknes at du kjem, slik at vi kan planlegge litt betre. Ring eller send SMS på 41320754.

VEL MØTT!