Dei fleste som er leirleiarar på Raknestunet er ungdomar eller folk i foreldregenerasjonen. Men ei og anna bestemor stiller også opp, sjølv om svært få slår Elfrid Gaulen i alder. Også i vinterferien stilte ho som leiar på ein leir for 3. og 4. klassingar. -Eg reiste aldri på leir som barn, og så lenge eg har helse til det, synes eg det er kjekt å få vera med. Og så er det så viktig å gje Guds ord til barna, og visa dei Guds omsorg og kjærleik på ulike måtar, seier 77-åringen, som høyrer til i forsamlinga på Konglevoll bedehus.
Det skjer mykje frå tidleg morgon til sein kveld på leir, og Elfrid går heller ikkje av vegen for å ta ei nattevakt om det er behov for det. -Det er så flott å få vera med i ein leiargjeng med stor spreiing i alder. Eg får bli kjent med mange unge flotte leiarar, og så er det borna i tillegg. Eg veit at mange ikkje kan vera med på dette på grunn av mellom anna sviktande helse, men eg er takksam for at eg får vera frisk og kan delta på denne måten. Tenk at Gud kan bruka meg også når eg vert eldre, det er godt å verta brukt av Han, seier veteranleirleiaren Elfrid Gaulen.