Mannen på det midterste kors
Det hender stundom at ei preik eller ein andakt set nokre spor som er djupare enn vanleg, og som vi ber med oss gjennom lange tider. For min del er ei forteljing den skotske pastoren Alistair Begg fortel, ei slik andakt som har sett djupe spor.
Utgangspunktet er historia om Jesus som lir på korset for vår skuld, og saman med han heng to røvarar. Den eine spottar, medan den andre ber ei kort og frykteleg enkel bøn: «Jesus, husk på meg når du kjem i ditt rike.» Kanskje kan vi sei at bøna ber preg av at røvaren ikkje har hatt eit rikt bøneliv eller vore på mange møte. Det er ingen fromme formuleringar for å imponere Jesus, og likevel vil eg påstå at det er ei av Bibelens mest spektakulære bøner. Grunnen til det er ikkje bøna i seg sjølv, men svaret på bøna som røvaren får frå Jesus: «Sanneleg, i dag skal du vere med i paradis.»
Alistair Begg fortel vidare at vi kan sjå for oss røvaren stå foran perleporten, og ein engel lurer på kva han gjer der. Røvaren er sanneleg ikkje heilt sikker, og engelen stiller nokre kontrollspørsmål: «Kor mange bøner har du bedt?», «Kor mange møter og bibelstudier har du vore på?» og «du har vel lest Bibelen og har eit rett bibelsyn?». På samtlege spørsmål må røvaren skuffa konstatere at han ikkje har eit godt svar, og at livet hans slett ikkje var noko prakteksemplar.
Til slutt må ein lettare oppgitt engel spørje: «Kvifor skal vi sleppe deg inn her?» – og Alistair Begg formidlar det som har fått prege min tanke denne påsken: «Det einaste svaret som røvaren hadde å gje var dette; Mannen på det miderste korset sa eg kunne få komme.» Det er sjølve evangeliet, så enkelt og samtidig så vanskeleg å forstå. Jesus hang ikkje på korset fordi han hadde gjort noko galt – men han hang der for å opne vegen til himmelen for røvaren, for deg og for meg. Så er det verdas beste nyheiter vi igjen får dele med kvarandre denne påsken: Mannen på det midterste korset, Jesus, har sagt at du er invitert inn i hans rike – og det er Han som har gjort alt ferdig.
Vegard Hetlebakke