-Kanskje mange er på påskeferie slik at det ikkje vert fullt i dag? Nokre av dei som stod bak gudstenesta i Knarvik Misjonshus første påskedag lurte litt på det. Men då samlinga starta kl. 11 var begge salane fullsette, alt frå nyfødde til dei langt oppi åra var saman for å feira Jesu oppstode.
-Det blir mykje sang i dag, det er så mange fine påskesanger, sa møteleiar Karoline Brandsæter. Ho og «bandet» leia forsamlinga i både gamle og nyare sanger med fokus på påskebodskapen. -Og så var alt på norsk, tenk det, det var verkeleg flott, kommenterte ein av dei litt eldre møtedeltakarane etter møteslutt.
I staden for tradisjonell bedehusopning las Samuel (12) bibelvers mellom sangane. Her var tekstar både frå Jesaja, Matteus og Johannes som sa noko om kva som hende med Jesus i påskehelga og kva det inneber for oss.
Eit stykke ut i gudstenesta vart forsamlinga delt i tre. Dei yngste barna hadde sin søndagskule, dei i skulealder gjekk i kjellaren i misjonshuset. Her vart det forkynt om Barabbas, mannen som vart sett fri i staden for Jesus, og korleis det som skjedde der kan overførast også på oss som lever i dag. Dei vaksne fekk forkynning om kva oppstoda har å seia for oss i dag, og kor tomt og unyttig både tru og forkynning hadde vore om Jesus ikkje stod opp. Til slutt i talen siterte Asle Hetlebakke ein 240 år gamal salme som munnar ut i «Jesus vann, og eg har vunne».
«Deg være ære, Herre over dødens makt», fekk avslutta gudstenesta. Men etterpå var det saft og kaffi, rundstykke, kake og frukt til alle som ville ha. Slik vart det ein skikkeleg påskefest i Knarvik Misjonshus.

Jan Ove Brandsæter, Karoline Holta Brandsæter, Torfinn Heier og Elias Brandsæter utgjorde påskedagsbandet i Knarvik Misjonshus.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke
Illustrasjon frå FreeBibleImages