56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Laurdag 6.april er du hjarteleg velkomen til årets Raknestunbasar.

Basaren byrjar kl. 16.00 på Raknestunet. Det vert åresalg og loddsalg på bok, gratis kaffi og kaker, og salg av hot dog. Det vert òg barnelotteri.

Hjarteleg velkomen!

PS: Har du gevinstar som du kan avsjå til åretrekningane, så er vi veldig interessert i dette. Skal du delta på basaren kan du ta desse med sjølv bort til Raknestunet, alternativt avtale overlevering til krinskontoret. Flott viss du kan gje oss melding om at du tek med gevinstar, slik at vi har kontroll på at vi har nok. Send oss ein e-post på nordhordland@imf.no, eller SMS til kontorleiar på 99642469.