56 17 70 25 nordhordland@imf.no

For fjerde år på rad vart det sang- og musikkhelg på Raknestunet første helga i mars. Lørdag kveld var alle salane heilt fullsette, alle stolane på huset var i bruk på konserten. Kvelden vart avslutta med ønskekonsert, og i pausen vart det fortært mange hamburgarar, ete mange kaker og drukke mykje brus og kaffi.

Nærare 50 personar overnatta på Raknestunet denne helga, og var med på alle samlingane, men dei fleste som var med lørdag kveld kom utanom. Svenskane Roland Utbult og Mikael Järlestrand song, det same gjorde norske Synnøve Aanensen. På konserten lørdag kveld deltok også brørne Jan Tørres og Per Nordstrand frå Austevoll. Eit eige, lokalt band var med og akkompagnerte alle songarane i tillegg til fellessongen.

Bibeltimar, quiz, gode måltid og tid til sosialt samver høyrer også med ei slik helg. Neste år er det planlagt ei ny sang- og musikkhelg i mars, og mange gav uttrykk for at dei gjerne ville koma tilbake.