56 17 70 25 nordhordland@imf.no

I dag, 22. mars, var det mykje regn og vind på Vaksdal. Men i bedehuset var det lunt og varmt, og rundt 30 menneske hadde funne vegen til storsamling og søndagskule.

Nokre av dei som kom var i barneskulealder, andre hadde passert 90 år, så i dette fellesskapet er det plass for alle som vil koma. Den første halvtimen er alle samla, så går søndagskuleborna i kjellaren. Men då har dei allereie vore med på ulike songar, hatt barneandakt og deltatt i nattverden. For på mange av storsamlingane er det nattverd ganske tidleg i møtet.

Talen denne dagen, på Maria bodskapsdag, handla om då engelen Gabriel kom til Maria med bodskapen om at ho skulle bli mor. Seinare i møtet vart ordet gitt fritt, og på storsamlingane er det også god tid til forsamlingsbøna og å be for dei bøneemna som er lagt i bønekorgene.

I bedehuset på Vaksdal er dei også samla til bøn kvar mandag kveld. Ei bibelgruppe held til i bedehuset, og det vert arrangert nokre bibeltimar i kvart semester.

Etter at møtedelen er slutt vert det invitert til bordfellesskap. Kaffi, te, saft, kaker og frukt vert servert, og folk har god tid til å prata. Til slutt måtte vaskemennene finna fram moppen som eit signal om at no var det slutt og dei ville vaska, så då rusla folk ut i bygene og vinden og sette kursen mot søndagsmiddagen.

AH

God drøs rundt borda i Vaksdal bedehus.