56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Silje Hetlebakke (25) frå Åsane er tilsett i ungdomsarbeidet i Nordhordland Indremisjon i 20 prosent stilling. Same stillingsprosent har ho knytt opp mot det lokale arbeidet i dei to bedehusa på Haugland og i Ytre Arna. -Eg er leiar i ungdomsklubben på Haugland, skal vera med på forsamlingsweekend, og elles bidra på ulike arrangement i dei to bedehusa, fortel ho. Haugland og Ytre Arna bedehus ligg ikkje så langt frå kvarandre, og har eit tett samarbeid.

I krinsen står leir, lagsbesøk og nokre storsamlingar på programmet. -Det er flott å reisa rundt og formidla evangeliet i ulike samanhengar. Og så er det spesielt å vera saman over fleire døgn på leir, byggja det kristne fellesskapet og ha god tid til å dela frå Bibelen. Leirarbeidet har betydd mykje for meg i barne- og tenåringsår, seier Silje, som også har vore sommararbeidar på Raknestunet dei tre siste åra og vore med på dei aller fleste sommarleirane.

Ho skal kombinera arbeidet i misjonen med universitetsstudier, og er snart utdanna lektor. Engasjementet i Nordhordland Indremisjon er i første omgang fram til sommaren, men kanskje det vert noko indremisjonsarbeid også etter den tid.