56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Komande søndag er det helgemessesøndag, eller allehelgensdag, om du vil bruka det uttrykket. Det er delar av bergpreika til Jesus som er tekst for denne dagen, og her kjem han med ei oppsiktsvekkande opplysning i Matteus 5,8: «Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.»

Hjartet vert i bibelsk forstand identisk med heile menneskelivet, også tankar, haldningar og anna vert lagt til hjartet. I Matteus 15,19 seier Jesus at «…frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott. Slikt gjer mennesket ureint…«

Det er altså ikkje måte på kva som kan prega hjartet og livet i syndefallet si verd. Her er det slett ikkje snakk om reine hjarte. Men det må altså til for å kunna sjå Gud, og få del i det evige livet. Og då er det ein merkeleg prosess som er skildra. Desse syndige hjarte må verta kvite og reine, og då presenterer Bibelen eit reinsemiddel som slett ikkje er kvitt, men raudt. Reinsemiddelet er Jesu blod. Det same middelet er nemnt i Openberringa 7,14. Der står det om nokon som har vaska kappene sine slik at dei har vorte kvite. Og vaskemiddelet, kva er det? «Blodet frå Lammet», altså Jesus. Så fargeleggingsreknestykket som gjerne ikkje går heilt opp i mennesketanken, går heilt flott opp i Guds tanke: Svart vert kvitt via raudt!

Også i Det gamle testamentet kjem desse fargeendringane til syne, riktig nok utan den svarte fargen. Jesaja 1,18: «Kom,lat oss gjera opp vår sak, seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei bli kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei bli kvite som ull.» Og denne prosessen er det Gud sjølv som styrer, eg har ikkje i mi makt å reinsa frå synd. Men midt i syndefallet si verd kan menneske gå omkring med reine hjarte, reine og rettferdige og himmelen verdige, fordi det var ein som gav sitt liv og sitt blod, Jesus.

«Deg å få skode er sæla å nå. Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå.»

Asle Hetlebakke, forkynnar