56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Hausten er her, og kalenderen viser at vi allereie har kome eit godt stykke ut i oktober. Nokon har til og med begynt nedteljinga til jul. I USA feirar dei ei høgtid før jula, nemleg Thanksgiving. Då handlar det om å stoppa opp i kvardagen og vera takksam for det ein har, og for menneska ein har rundt seg.

I Lukasevangeliet kapittel 17 kan vi lese om ein mann som hugsar å stoppe opp for å takke.

«Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. Då sa Jesus: «Vart det ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?» Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

Eg trur mykje av grunnen til at det er mange av oss ikkje tar oss tid til å stoppe opp i kvardagen, er at vi opplever at vi har dårleg tid. Ein dag då Jesus var på vandring møtte han ti spedalske, og frimodige menn. Dei stod langt unna, men ante at det var håp i namnet og mannen Jesus. Difor ropa dei på han og ba om miskunn. Dei var heldige. Jesus stoppa opp, han såg dei og gjorde dei friske.

Ein av dei ti mennene kom tilbake for å takke Jesus. Vi veit ikkje kvifor ingen av dei ni andre vendte tilbake.

I Salmane er det mykje klage. Etter at Asaf har gjeve uttrykk for si store krise, seier han i Salme 73.23: «Men eg blir alltid verande hjå deg, du har gripe mi høgre hand. Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du imot med i herlegdom. Kven har eg elles i himmelen? Når eg er hjå deg, har eg ikkje glede i noko på jorda. Om kropp og hjarte forgår, er Gud for evig mitt hjartand berg og min del…. Men for meg er det godt å vera nær Gud. Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud. Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.»

Takk Jesus, for alle dine velgjerningar mot oss!

Solveig Hosøy, arrangementsansvarleg i Nordhordland Indremisjon

Illustrasjon frå FreeBibleImages