Komande søndag vil teksten frå Markus 2, om mannen som vart firt ned på ei båre for å koma fram til Jesus, bli lest i mange møte og gudstenester. Det var heilt fullt i huset der Jesus var og forkynte Guds ord, og då fire menn kom berande med ein lam mann på ei båre var det umogleg å pressa seg fram. Så laga dei like godt ei opning i taket, og rett framfor Jesus kjem den lamme ned. Her vert han møtt med orda om at syndene hans er tilgjevne.
Men var det problemet til den lamme? Nei, vil nok mange seia. Problemet var føtene, dei verka ikkje som dei skulle, dei var ikkje i stand til å bera han, og førte til mange utfordringar i kvardagen. Vi er jo her tilbake i eit samfunn med få hjelpemiddel slik vi har i dag, og totalt utan dei trygde- og støtteordningar vi kan visa til i vårt land. Men han hadde fire vener som bar, og som også visste kven det var lurt å oppsøka i ein slik situasjon.
Ei lita stund etterpå må den undrande folkemengda gje plass til den same mannen. Men no kjem han ut gjennom døra, berande på si eiga båre. Verken hol i taket eller fire berarar må til for å få han heim igjen. Jesus ordna også det som var gale med kroppen.
Så skal vi få koma til Jesus med helsa vår. Han er den store lege vi skal få leggja helsemessige utfordringar fram for, anten det gjeld oss sjølve eller menneske rundt oss. Og det er mange vitnemål både i Bibelen og i dag om menneske som har opplevd at Gud greip inn. Sjukdom måtte sleppa taket, anten momentant eller ved hjelp av legar, medisiner og behandling. Andre må leva med sjukdom og handikap, men opplever at Gud gjev styrke frå dag til dag også til å takla dette. Andre igjen har trygla lenge om å bli friske, og vi skjønar ikkje så mykje av dette, kvifor Den allmektige til tider vurderer ting så annleis enn oss.
Men vi skal få bera dei sjuke til Jesus, og samtidig vera klar over kva som er hovudproblemet. Først og fremst treng menneske forsonaren og syndstilgjevaren Jesus. Også her er det mange som treng nokon som kan løfta dei fram for Frelsaren med inderleg bøn om å kalla og frelsa. Og han er stadig på leiting etter bortkomne som han kan få finna og frelsa.
God helse er viktig her i livet, men dette er ikkje likt fordelt. God frelse er avgjerande for tid og æve, og det vert delt ut av berre nåde til alle som vil ta i mot!
Asle Hetlebakke, forkynnar
Illustrasjon frå freebibleimages