56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Komande søndag er første søndag i advent. I advent- og juletida pynter mange med lys  og stjerner både ute og inne. 

Vi kan lesa mykje om lys i Bibelen. Jesus har mange navn. Eitt av dei er Lyset. «Eg er lyset for verda», seier Jesus i Johs. 8.12.

Vi  høyrer om lys i samband med Guds løfte om å senda ein Frelsar til jord. «Eg gjer deg til eit lys for folkeslaga, så mi frelse kan nå til enden av jorda». Jes. 49.6b «Det folket som ferdast i mørkret skal sjå  eit stort lys. Over dei som bur i skuggelandet skal lyset stråla.» Jes. 9.2

Mørkret vi les om her, er eit alvorleg mørke. Dette at vi er skild  frå den heilage Gud  på grunn av syndefallet og følgjene av det. Gud ønskte at vi skulle få koma bort frå dette mørke, at vi skulle få koma i lyset. Det kunne berre skje ved at Gud sende Jesus, sin eigen son, til jord som vår Frelsar. «Det sanne lyset som gjev lys til kvart menneske var i ferd med å koma til verda.» Johs. 1,9. «Jesus seier: Eg er komen som eit lys til verda, så kvar den som trur på meg, ikkje skal verta verande i mørkret.» Johs. 12.46

Jesus er det store lyset, det sanne lyset. Han er verdens lys. Den som trur på Jesus, er ikkje lenger i mørkret, men i lyset. «Jesus tala atter til dei og sa: Eg er lyset for verda. Den som følgjer meg, skal ikkje ferdast i mørker, men ha livsens lys». Johs. 8.12

Vi har mykje å takka for og vera glade for. Vi er kalla frå mørke til Guds underfulle lys. 1.Pet. 2,9b

I eit julevers syng vi:

«Fra krybben til korset gikk veien for deg,

slik åpnet du porten til himlen for meg. 

Velsign oss, vær med  oss, gi lys på vår vei,

så alle kan samles i himlen hos deg.»

Eg ønskjer den enkelte ei god og velsigna adventstid!

Reidun Skurtveit

Illustrasjon frå Freebibleimages