Då møteleiar Ingrid Svendsen Handeland kunne ønska velkomen til storsamlinga i Fedje bedehus 12. april, var det så og seia fullsett i møtesalen. Samlinga starta kl. 12, på Fedje skal det meste passa med ferjerutene. Denne søndagen hadde også ein flokk frå Austrheim tatt turen over fjorden. Dei skulle eigentleg ha møte i Årås bedehus, men mangla talar, og vart tipsa om å reisa til Fedje. Der var dei hjarteleg velkomne. -Eg må nesten fram og sjå kor flott det er at bedehuset er fullt, og så må eg sjå korleis desse frå Austrheim ser ut, sa indremisjonsformannen på Fedje, Kjell Samnøy, då han nytta sjansen til å koma med sitt vitnemål då ordet vart gitt fritt.
Fleire tok ordet i den økta, og to av desse hadde lese same teksten om Hagar som møtte Gud i øydemarka. Den eine peika på at Hagar opplevde at Gud såg henne, den andre hadde merka seg at det står at Gud høyrde at barnet, Ismael, gret. Slik vart forsamlinga minna om ein Gud som både ser og høyrer.
Teksten for dagen passa godt inn på Fedje, det handla om fisking. Forsamlinga fekk høyra om det som hende då Jesus møtte læresveinane ved Genesaretsjøen etter ei natt utan fiskelukke, men ved å kasta garnet på høgre sida av båten vart det ein enorm fangst. Ein vart så minna om at også me er kalla til å vera menneskefiskarar, og at Jesus vil gje oss mat gjennom ordet sitt, akkurat som han inviterte læresveinane til måltid denne morgonen på stranda.
Bønestund med ein litt spesiell vri høyrer og heime på storsamlingane. På kvart av borda i møtesalen låg ein liten kross. Den vart sendt frå den eine til den andre rundt bordet, og dei som ville kunne be høgt før dei sende krossen vidare. Alt frå barnehagebarn til folk langt opp i åra deltok i denne bønestunda.
På Fedje er det storsamling ein del søndagar, og oppslutnaden plar vera god. Ein god del torsdagar kan du møta opp i bedehuset til bibelkveld, og ein heil del smågrupper er i gong utfrå forsamlinga. Det vert og invitert til bøn- og samtalemøte med jamne mellomrom. Ein del yngre har gått inn og tatt ansvar i forsamlinga, og nye har kome til. Neste helg reiser åtte familiar med tilknyting til Fedje til Raknestunet på familieleir.
-Det var kjekt å koma til Fedje, og sjå litt korleis andre legg opp møta sine og vera ein del av eit større fellesskap, meinte Austrheim-utsendingane på ferja heimatt.

Folk frå Austrheim og Fedje fann tonen saman i Fedje bedehus.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke
Øverste bilde: Camilla Storsæter, Lisbeth Stuberg og Ole-Jørgen Storsæter leia allsongen.