56 17 70 25 nordhordland@imf.no

I dag, 14. april, har leiarane på årets første pensjonistleir på Raknestunet vore samla til planlegging. Leiren er planlagt dei fire første dagane i juni, med oppstart rundt middagsbordet mandag og avslutning rundt det same bordet torsdag. Dagane inneheld bibeltimar på føremiddag, kveldssamlingar, leirfest og nattverdmøte. Det vert og tid til mange måltid, besøk, sangstund, sporlaup og god tid til prat og kvile.

Arnfinn Norheim er bibeltimehaldar, og kjem til å halda bibeltimar om bøn, ikkje minst knytta til bøneprivilegiet Guds barn har fått. -Det er og mange eldre som har fått ei spesiell bøneoppgåve, gjerne i ei fase i livet der ein ikkje maktar stå i andre oppgåver slik som tidlegare. Men Gud har så absolutt bruk for kvar enkelt livet ut, seier Norheim.

Med seg i leiargruppa har han Reidun Skurtveit og Asle Hetlebakke frå staben av tilsette i Nordhordland Indremisjon. Ekteparet Hildegunn og Kjell Bognøy vert også med i leiarteamet desse dagane i juni.

Så då er det berre å melda seg på, gjerne på e-post nordhordland@imf.no eller telefon 56 17 70 25. Det er inga aldersgrense i nokon retning. Alle er velkomne til nokre flotte junidagar på Osterøy. Planlegginga er godt i gang.

Denne flotte gjengen var på pensjonistleir på Raknestunet i mai i fjor. Kanskje kjem nokon av dei igjen dette året?

Tekst og foto: Asle Hetlebakke