56 17 70 25 nordhordland@imf.no

-Årsmøtet vårt har bestemt at me skal setja i gang prosessen med søknader til kommunen om bygging, så får me gå i tru og våga å setja i gang når godkjenninga kjem, seier Jon Anders Birkeland. Han er styreleiar i Hjellvik Indremisjon, som står som eigar av bedehuset frå 1957.

Det har i ein god del år vore tankar og planar om å byggja ut bedehuset. Særleg kjøken og sanitæranlegg har behov for ei oppgradering, i tillegg er huset rett og slett for lite. -Me satsar ein god del på barna, og har mellom anna Awana ein del søndagar i samband med formiddagsmøta. Her er det fleire grupper delte inn etter alder, og me har ikkje nok rom til at alle kan få seg ein skikkeleg plass å vera. Behovet for fleire gruppe- og samlingsrom er stort, seier Birkeland og Sigbjørn Hannisdal, som også er mykje med i planlegginga av nytt hus.

Planen er at heile den delen av huset som inneheld gang og toalett skal rivast. Sjølve møtesalen skal bestå, slik at det også vil vera mogleg å bruka huset til ein viss grad i byggeperioden. -Me håpar å koma i gang til hausten dersom saka går greitt gjennom i kommunen. Dette er eit trusprosjekt som også inneber ein god del dugnadsarbeid, så me er avhengige av at mange stiller opp både med pengar og arbeidstimar, seier bedehuseigarane på Hjellvik.

Kalkylane i dag seier at nybygget vil kosta rundt åtte millionarkroner, då inkludert dugnad. -Me har ein del pengar på bok, mellom anna fekk me ei stor gåve etter salet av bedehuset på Valestrand, fortel Birkeland og Hannisdal. -Men slik det ser ut no vil me trenga ca. 3,5 millionar til. Dette er mykje pengar, og kanskje det også er folk som ikkje høyrer heime her i bygda som vil vera med og bidra, undrar dei.

Nytt kjøken og tekjøken, nytt sanitæranlegg og nye grupperom er blant det som teikningane viser. Her er og eit ganske stort område ved inngangspartiet som kan fungera både som kafe og samlingsrom. I dag har bedehuset fleire inngangar som alle inneber utfordringar om du er skrøpeleg til beins eller sit i rullestol. I nybygget vert hovudinngangen på baksida og sjølvsagt tilrettelagt for alle.

-Me har ein ganske stor tomt, så alt dette kan ordnast utan å måtta ha tilleggsareal, så får me løyve er det berre å setja i gang. Så har me tru på at økonomien skal koma på plass etterkvart som pengane trengst, seier Jon Anders Birkeland og Sigbjørn Hannisdal.

På denne sida av huset kjem nybygget. Delen nærast vert riven. Møtesalen ligg bak vindauga til venstre. Salen skal bestå, men vindauga ryk nok til når byggeprosessen startar.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke