56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Lørdag 6. juni er det årsmøte i Nordhordland Indremisjon. Da skal det også velges formann, tre styremedlemmer for to år og tre varamedlemmer for ett år. Valgnemnda har kommet med sin innstilling. Christian Skoge er foreslått som ny formann, de andre seks kandidatane stiller til valg som styremedlemmer. De som ikke kommer direkte inn i styret er valgnemnden innstilt på å gi verv som varamedlemmer.

Her presenteres kandidatene med noen faktaopplysninger. De deler også noen tanker om hva som er viktig i indremisjonsarbeidet nå og framover. Utenom formannskandidaten er alle presentert i alfabetisk rekkefølge, valgnemnda har ingen rangering i sin innstilling.

Christian Skoge er født i 1974, bor på Frekhaug, og har siden 2006 vært ansatt ved Nordhordland Folkehøgskole. Nå er han linjeleder. Fram til våren 2026 har han brukt noe av stillingen sin i møte- og leirvirksomhet i Nordhordland Indremisjon.

-Viktige punkt er spørsmålet om hvordan vi skal møte folk med evangeliet i vår tid og i vår hverdag. Et annet er hvordan vi skal få nådegavene best mulig i funksjon i forsamlingene våre. Det er også viktig at kretsen kan være til hjelp med tanke på hvordan forsamlingsarbeidet kan drives på en god måte. Som ansatt ved folkehøgskolen vår vil jeg også arbeide for at misjonsfolket får innblikk i det store ungdomsarbeidet som drives der.

Lars Ole Birkeland er fødd i 1991, og bur på Vollom i Alver kommune. Han arbeider innan databransjen. Han har tidlegare vore styreleiar i Hjellvik Indremisjon og aktiv i arbeidet i Midtgård bedehus på Leiknes.

-Eg brenn for at det må vera eit godt barne- og ungdomsarbeid i bygdene og bydelane våre. Det meste må sjølvsagt drivast lokalt, så er og Raknestune svært sentralt i dette. Det må vera noko av det viktigaste Nordhordland Indremisjon prioriterer framover. Det vil eg vera ein talsmann for om eg skulle ha vervet som styremedlem etter årsmøtet.

Kjell Bognøy er fødd i 1959, har adresse Ulset i Åsane og har eige tømrarfirma. Han har vore med i krinsstyret dei siste fire åra. Har hatt styreverv og leiaroppgåver både i Kyrkjekrinsen bedehus og Ulset Misjonssenter.

Det er viktig at vi får nye med oss inn i Guds rike, og vi treng også fornying i forsamlingane våre. Bøna er at unge må gå inn i arbeidet og ta over stafettpinnen ulike stader. Så trur eg det er viktig at ein ser at ein står i ein større samanheng enn den lokale forsamlinga, og vil arbeida for at Nordhordland Indremisjon må bli enno betre kjent og synleg. Etter nokre år i styret ser eg at økonomien avgrensar arbeidet vårt. Vi skulle gjerne hatt fleire tilsette, men då må vi også ha midlar til å dekke utgiftene.

Pål Gabrielsen er født i 1975, er fotograf og bor på Frekhaug. Siden 2010 har han vært linjeleder ved Nordhordland Folkehøgskole. Han er medlem i styret for Frekhaug Indremisjon.

Anita Krossøy Pedersen er fødd i 1997, jobbar som lærar på Ostereidet barneskule og bur på Vollom i Alver kommune. Ho høyrer til i forsamlinga i Knarvik Misjonshus, og har vore aktiv som leiar på Raknestunet ein del år. Ho er leiar i «Søstrene» og KRIK- Knarvik.

-Eg ønsker å vere med på å skape gode og trygge arenaer, der barn og unge kan bli kjent med og lære meir om Jesus. Arenaer der dei kan bli sett, og snakke ærleg om tro og livet, samtidig som ein har det kjekt og kan bli betre kjent med andre kristne. Eg vil arbeide for at barn og unge i Nordhordland blir vunne, bevart og utrusta i trua på Jesus Kristus.

Karoline Romarheim er fødd i 1975, bur på Romarheim og arbeider som kontaktlærar. Ho er styreleiar i Romarheim Indremisjon.

-Eg brenn for å drive arbeid for barn og unge, både lagsarbeid i forsamlingane, og leirarbeid og anna i krinsen sin regi. Barna er framtida og dei som skal drive arbeidet vidare etter oss. Kvar generasjon må vinnast for Jesus. 

Tone Marit Vedå er fødd i 1986 og bur på Leiknes. Ho er utdanna lærar, men er for tida i permisjon. Ho er aktiv i Midtgård bedehus der ho og er leiar i Awana-klubben.

-Eg ønsker at det ikkje berre må vera slik at vi er ein del av ein kultur, eit bedehus eller ein organisasjon, men at det viktigaste må bli at gamle og unge får kjenna, kvila og leva i den nåden Gud har gjeve oss. Det treng både nordhordlendingar og resten av verda, ikkje minst i vår urolege tid. Undervisning og forkynning til store og små må vera prega av dette.