Gud signe vårt dyre fedreland
Av: Silje Elin Minde Sande
I oppveksten var eg velsigna med ei bestemor som var svært glad i å deklamere dikt. Ho levde verkeleg teksten når ho framførte den, og enno kan eg høyra stemma hennar inni meg når særlege dikt, songar eller salmar kjem fram for meg igjen. Det rører hjarta mitt på ein heilt spesiell måte, arven frå bestemor Elsa.
Ein av desse diktdeklamasjonane hennar var Gud signe vårt dyre fedreland. Etter hennar (og Elias Blix sine) ord ser eg for meg det flotte landet vårt som vi ber om at Gud skal velsigna. Vårsola som varma så mildt på kinnet, lauvskogane som grønkast, eplehagen som blømar og dei kvite fossane som strøymer nedover fjellsida rett i ein grøn fjord. Så godt det gjer å få tenka på landet vårt som ein naturskjønn, fredfull og trygg plass å veksa opp- og leva i. Som eit land under Guds rike velsigning.
Når vi ser rundt oss så veit vi jo at det dessverre rører seg mykje meir enn bare skjønn natur og gode ting i landet vårt. I haust fekk eg så stor nød for desse unge gutane (og sikkert også jentene) som vi høyrer om i mediene vert lokka inn i store vanskar med kriminalitet på bestilling. Dei er like unge som mange av ungdommane vi har med oss på Tenleir på Raknestunet eller som går på laga våre rundt om på bedehusa.
Min nød før desse ungdommane, som er i stor trøbbel, fekk meg til å tenke på viktigheita av bygningsarbeid. Eg veit jo ikkje om nokon av desse altfor unge kriminelle har vore innom ein kristen leirplass, eit barnekor i kyrkja eller eit barnelag på eit bedehus. Heller ikkje veit eg om dei har ei bestemor eller nabo som går i forbønn for dei.
Men, det fekk meg i alle fall til å tenke på at det viktigaste byggearbeidet for landet vårt er å gje alt til Jesus i bønn. Gå i forbønn for den komande generasjon, barnehagane, skulane og dei som styrer og bestemmer både lokalt og nasjonalt. Og så særleg desse ungdommane som rotar seg inn i trøbbel. Kanskje det ikkje er nokon andre som hugsar på å løfte dei fram for Herren i bønn? Ja, så er det faktisk lagt på meg som har trua på at Jesus kan gripa inn i så mørke situasjonar, å løfte dei fram for Han i bønn.
Elias Blix skriv i det sjette verset av Fedrelandssalmen om nettopp dette:
Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kann bu
i heimen med fred og hyggja!
Han har nok henta inspirasjon til dette verset frå Salme 127.1
Dersom Herren ikkje byggjer huset,
arbeider bygningsmennene fåfengt.
Dersom Herren ikkje vaktar byen,
vaker vaktmannen fåfengt.
I år, 2026, er det ein stor tverrkyrkjeleg bønneaksjon for landet vårt. Det er grunnmursarbeid på gang. Det er byggearbeid på sitt beste, så huset kan stå trygt i stormane og kalde, mørke tider. Søka Gud i bønn, saman som hans folk.
Eg vil vera med å be for fedrelandet mitt, for den kommande generasjon og for at Gud skal vera vaktmann for landet vårt, for krinsen vår og bygdene våre. At Han får vakta ungdommane, gje dei Lyset i den mørke tida, så dei verkeleg kan få leva.
Håpar du også kjenner på lyst og glede etter å driva litt byggearbeid: å be for landet vårt og legga fram for Jesus naboen eller kollegaen din, barna- og dei tilsette i barnehagen og elevane og lærarar på skulen der du bur.
Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna. 1 Tim. 2.1-4
Så kan vi også vere med å be om at Gud må velsigna det dyrebare landet vårt og menneska som bur her.
GUD, SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND
T: Elias Blix
- Gud, signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu
som kristne det kan seg søma!
- Vårt heimland i myrkret lenge låg.
og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg,
din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell,
og ljos over landet strøymde.
- Og Noreg det ligg vel langt i nord,
og vetteren varer lenge;
men ljoset og livet i ditt ord,
det ingen kan setja stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong,
ditt ord har då her sitt gjenge.
- Så blømde vårt land i ljos og fred,
det grodde så grønt i lider.
Men atter seig natt på landet ned
med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos,
og du lyste opp om sider.
- Og morgonen rann, og mørkret kvarv,
som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridomsarv
og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred,
og landet med lov me bygde.
- Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikke verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kan bu
i heimen med fred og hyggja.
- No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
So signe då Gud den gode såd,
til groren ein gong er mogen.
