-Basar er ganske urettferdig, sa leiaren i Manger Indremisjon, Arvid Bauge, då han kunne helsa velkomen til basaren i Manger bedehus 1. mai. Både hovudsalen og peisestova var nesten fullsett. Så fekk han nok og rett i påstanden sin denne gongen. Som vanleg etter ein basar gjekk nokon heim med mange gevinstar, andre vann ingenting. Dei einaste som var sikra gevinst var dei som var under konfirmasjonsalderen. Dei fekk eitt lodd kvar, og kunne velja mellom ulike gevinstar.
-Det er tradisjon at basaren til inntekt for bedehuset er 1. mai, kan dei fortelja på Manger, og framleis støttar bygdefolket svært godt opp. -Det var nok meir handlaga gevinstar tidlegare, både handarbeid og trearbeid, det har minka litt, vert det fortalt. Men framleis var det tydeleg at ivrige kvinner hadde brukt både strikkepinnar og annan reiskap flittig. Ja, det var til og med ein mann som sende det broderte bildet han vann tilbake til ny trekning, det var han sjølv som hadde produsert bildet. Og ikkje berre får dei frammøtte kjøpa lodd og ha sjansen til å vinna, servering høyrer sjølvsagt med på ein bedehusbasar. Påsmurde skiver, tebrød og bollar, saft og kaffi, her var noko for einkvar smak. Ja, dei minste fekk til og med skiver med nugatti, og det var visst betre enn alt det andre pålegget.
Servering for sjela høyrer og med. Elna Bauge song ein sjølvdikta song om den gode hyrdingen, og Asle Hetlebakke hadde andakt om kvinnene som kom til Jesu grav.
Den vanlege flokken på Manger bedehus er ikkje alltid så stor, men programmet for våren viser ein god del samlingar både torsdag kveld og søndag ettermiddag. Ein mandag i månaden er det formiddagstreff, og dei aller fleste tirsdagar samlast ein flokk til bønemøte i bedehuset. Barna har sine samlingar på VING annankvar fredag. Det kan ikkje vera basar og fullt hus kvar dag, det trufaste arbeidet har også svært mykje å seia i ei slik forsamling.

Då basaren var slutt, vart alle desse gevinstane med til mange ulike heimar både på Manger og i bygdene rundt.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke