Det var fullsett sal på det månadlege formiddagstreffet i Knarvik Misjonshus som gjekk av stabelen 21. april. I to timar, frå 11-13, var rundt 55 menneske samla til song og andakt, matøkt, opplesing og konkurranse. Og sjølvsagt var det også god tid til prat og sosialt samver. Ute skein sola ein nydeleg vårdag, men flokken i misjonshuset ville ha med seg treffet likevel.
I mange år har det vore pensjonisttreff i Knarvik Misjonshus ein tirsdag i månaden, gjerne den tredje tirsdagen kvar månad. Pinseforsamlinga Betania i Knarvik har eit tilsvarande treff den første tirsdagen i månaden, og ein del av deltakarane er med begge stader. Og slett ikkje alle som kjem på treff bur i Knarvik, her kjem det folk også frå bygdene omkring.
Leiv Nesheim leia treffet denne tirsdagen, og han har vore med i arbeidet med formiddagstreffa heilt sidan starten. Mange i den praktiske komiteen har også lang fartstid. Denne gongen kom det så mange at kjøkengjengen måtte setja opp eit eige bord i småsalen og eta der, det var heilt fullt rundt dei dekka borda i hovudsalen.
Det er ikkje alltid så stor oppslutnad om desse treffa, men denne gongen var koret Hatikva på besøk. Dei rundt 25 songarane var på scena tre gonger, og formidla bodskapen om Jesus gjennom songane sine. Og mykje tyder på at pensjonistane som kjem på desse treffa likar å syngja. Det tyder kraften i fellessangen på. «Fagert er landet», «Guds ord det er vår fedrearv», og andre songar lydde sterkt. Asle Hetlebakke heldt andakt og las frå nokre av bøkene sine, og det vart servert både påsmurde skiver og lappar med syltetøy. Så på desse treffa er det servering for både kropp og sjel.

Hatikva under leiing av Johannes Lyngset.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke