Under her finn de oversikt over dei leirane som skal vere på Raknestunet i sommar.
For påmelding, trykk på «Leir» oppe i menyen.
Første påmeldingstidspunkt for alle leirane i sommar er måndag 4.mai kl. 20.00.
Minnar om at det er klassetrinnet ein skal opp i til hausten som gjeld, og for dei leirane som er før skulen sluttar.
Fordi vi får veldig mange forespørslar om dette, så kan vi dessverre aldri gjere unntak på aldersgrensene, så vi set pris på om de ikkje forsøker å spørre om dette.
Merk at nokre leirar, spesielt 5.-7.klasseleirane dei siste par åra, vert svært fort fullteikna, så her kan det vere nødvendig å sitte klar i Checkin kl. 20.00.00, viss ein skal få plass.
Påmeldingar som vert sendt på e-post vert ikkje lest før dagen etterpå, så dette er ikkje anbefalt å gjere den 4.mai.
