Leirsesongen er i gang for fullt på Raknestunet, og i forkant av denne er det gjort eit stort arbeid også med uteområdet på leirstaden. Den store fotballbana har fått ny grus, og her gjekk det med ein god del lass. Bana er no delt opp slik at halvdelen skal brukast til fotball, dei andre delane kan det spelast volleyball og kanonball. Utanfor internatet er det også merka opp ei bane som kan brukast til ulike ballspel.
Dette gjer at grusbana no er heilt stengt for biltrafikk utanom i heilt spesielle høve. Stein og blomar er plasserte som «port», og desse må altså flyttast om ein skal gjennom. Raknestunet har også fått på plass ein god del nye kombibenkar, som inneheld både sitteplassar og bord, og desse er spreidd rundt på området. Til saman er det no ti slike benker til glede både for born, unge og eldre som er på leir eller andre arrangement i finver.

Nokre av dei nye benkane er plasserte på plattinga utanfor det eldste internatet.