56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Fire av dei åtte planlagte barne- og ungdomsleirane på Raknestunet er snart over. Ein tenåringsleir står igjen før Raknestunet vert stengt for ferien, og i august ventar tre nye leirar før skulane startar opp igjen.

Oppslutninga har vore god også denne sommaren. Leirane har vore fullsette eller det har vore nokre få ledige plassar, så mange barn og ungdomar har eller kjem til å tilbringa nokre sommardagar på Raknes. I tillegg kjem dei som er med som leiarar eller hjelper til på kjøkenet.

Sommarvarmen har latt venta på seg, men bading og padling er svært populære aktivitetar likevel. Og er det surt og regnar, er Raknestunet eit stort og flott bygg som kan romma mange deltakarar og mange aktivitetar samtidig.

«Vi vil gi det videre» er temaet for barneleirane i sommar. Gjennom bibeltimar, songar, kveldsmøte, gruppesamlingar og godnatthistoriar har det vore fokus på misjon, både heime og ute. Det er evangeliet som skal takast imot og bringast vidare til andre. Leirsangen har tilsvarande overskrift, og vert sunge med stor intensitet.

Silje Hetlebakke frå Åsane og Simon Sæle Kjenes frå Frekhaug er inne i sin henholdsvis fjerde og tredje sesong som sommararbeidarar. Også denne sommaren er dei med på dei aller fleste leirdøgna på Raknestunet. -Det er veldig kjekt å koma igjen og sjå at deltakarane kjem att år etter år, og at dei veks og modnast, også på det åndelege planet, seier Silje. -Det er noko med å sjå at det arbeidet som har vore lagt ned år etter år ber frukt. Her får me verkeleg oppleva både å så og vatna. Men det går utruleg fort, det er heilt uverkeleg at sesongen snart er halvveis, seier ho.

Også Simon dreg fram relasjonsbygginga. -Mange kjem igjen på leir etter leir, og det er så kjekt å treffa dei att. Det er verkeleg ei velsigning å få lov til å vera her tre år på rad, seier han. Og Silje kjem med eit anna positivt trekk: -Mange er flinke til å få andre med seg på leir, dei er allereie i gang med å gje det vidare, meiner ho.

-Visst er det styr og ståk på leir, og det er til tider ganske hektisk, men det er ein del av heile pakka, seier Simon. Han peikar og på at leir er ikkje berre møte og bibeltimar. -Flokken er saman frå tidleg morgon til seine kveld, og mykje av relasjonsbygginga og peikinga på Jesus skjer også utanfor møtesalen, minner han om.

VM-fotball høyrer med også på leir. Silje og Simon på plass framfor skjermen med ein av Elfenbenskysten sine spelarar i bakgrunnen.

Bilde øverst: Kioskseljarane Silje og Simon for to år sidan, då dei også hadde sommarjobb på Raknestunet.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke