56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Ball- og aktivitetsleir. Det har etterkvart vorte tradisjon at denne leiren er på Raknestunet i starten av august. Så og seia alltid fullt, slik også dette året med 50 deltakarar.

Kva skil denne leiren frå andre leirar for 5.-7. klassingar? Noko er ganske likt, men tre og ein halv time kvar formiddag er sett av til ulike aktivitetar deltakarane kan velja mellom. Så etter bibeltime og gruppesamling reiser ein flokk til Osterøyhallen for å klatra, ein annan gjeng går til Hjellvik for å trena og spela fotball og volleyball. Nokon dreg på kanoekspedisjon og andre tar med seg fiskeutstyr og legg utpå fjorden i båt, og onsdag vert det både fjelltur med innlagte oppgåver og frisbeegruppe. Så her er noko for einkvar smak.

Tirsdagen var ideell for kanoekspedisjon til Raknesholmen. Ein glad gjeng kom tilbake etter ein flott kanotur, matlaging ute, bading og mykje anna.

Tøffe Radøy-jenter i fin stil mot Raknestunet sin kai etter ein lang og innhaldsrik kanoekspedisjon.

Fiskegjengen la ut på fjorden i to båtar. Den eine båten kom att utan ein einaste fisk om bord, i den andre låg fangsten i form av ein sei og ein makrell. Frå kaien vart det henta inn ein ganske stor lyr, og dermed var det klart for sløying, før rykande fersk lyr og sei vart trekt i den varme gryta. Ikkje alle ville smaka, men for andre vart møtet med den ferske fisken ei ny og svært positiv oppleving, sjølv om nokon meinte at fiskebeina burde vore plukka ut før fisken hamna i gryta.

Simon i full konsentrasjon ved sløyebenken.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke