56 17 70 25 nordhordland@imf.no

43 leiarar og deltakarar var saman ei lita veke på pensjonistleir på Raknestunet. Så mange har det knapt vore på ein slik leir tidlegare.

Det har vore pensjonistleir, eller eldreleir som det heitte før, på Raknestunet sidan 1971. Det som gjerne avgrensar delakartalet er at dei aller fleste vil ha enkelt-eller dobbeltrom. Dermed har det ofte vore fullt med rundt 30 deltakarar. På leiren 17.-20. august var 37 på deltakarlista, i tillegg skulle seks leiarar ha plass. Den nye hytta måtte takast i bruk, i tillegg var det både bubilar og campingvogn på fotballbana. Men med nydeleg augustver gjekk dette heilt flott.

Heile 14 ektepar var med på leiren, og det er nok lenge sidan dette talet har vore så høgt. I tillegg samlar desse leirane ein god del som reiser aleine av ulike grunnar. Men igjen opplevde me at mange kom og takka for at dei vart så inkluderte i flokken, og at alle var ivrige etter å kunna gje gode leiropplevingar også til sine meddeltakarar.

Heile flokken samla mellom ein nydeleg torskemiddag og ein god middagslur.

Men det var slett ikkje alle som sov på denne tida av døgnet. Foto: Ingrid Mjelstad

Audun Hjellvik og Audun Myksvoll hadde bibeltimane dette året, i tillegg deltok både Reidun Skurtveit, Asle Hetlebakke og gjestepredikant Per Torgeir Nielsen med forkynning. Signe Hjellvik og Gro Myksvoll var også med som leiarar. «I møte med Jesus» var temaet for leiren, og leirsongen «Hvor finner vel hjertet sin saligste ro?» runga mange ganger i peisestova desse dagane. Allsongen var frisk i denne flokken, ikkje minst var her mange gode og sterke mannsstemmer. Fleire trekte også fram nattverdsamlinga «på gamlemåten» rundt borda i møtesalen som ei flott oppleving.

Sporløpet baud på mange utfordringar, ti personar vart med på skogstur til Dalevatnet, mange fekk drøsa og sola seg, strikkarane produserte flittig, og mange gjekk turar i nærområdet rundt Raknestunet. Leirfesten inneheldt både skjemt og alvor, og vart tradisjonen tru avslutta med marsipankake.

Nesten «Mesternes mester»- kjensle under sporløpet. Når kjem neste pinne ramlande? Foto: Asle Hetlebakke

På det meste var der seks pensjonistleirar i året på Raknestunet, inkludert ein i julehelga. Nokre år var det redusert til ein leir i året, no vil me stabilisera oss på to, det er mange aktuelle deltakarar i distriktet vårt. I år var her ein heil del i 70-årsalderen, den eldste vert 100 år i 2027, andre ein stad mellom, og når ein samlar alle desse under same tak vert det ei flott leiroppleving på Raknestunet.

Fotografering ved enden av Dalevatnet er obligatorisk for turgjengen. Foto: Einar Mjelde

Skribent og leirsjef: Asle Hetlebakke