Når det blir invitert til samling søndag formiddag i Knarvik Misjonshus, er huset nesten for lite. Også nabobygget, gamle Knarvik barnehage, må takast i bruk når forsamlinga skal dela seg, og ulike søndagskulegrupper skal ha kvar sitt rom.
No er det gudsteneste med søndagskule dei fleste søndagane, men nokre søndagar slår ein til med storsamling der alle generasjonane er samla heile tida. Og her er alt frå nyfødde til folk langt oppe i åra. Berre denne hausten er fleire barn borne til dåpen i gudstenester, og fleire ventar dei neste søndagane.

Etter gudstenesta er det mat og prat rundt borda i småsalen.Men alle desse stolane var i bruk også under sjølve møtesamlinga. I tillegg var det fullt også i hovudsalen.
Forsamlinga i Knarvik Misjonshus ønsker å ta vare på dei som allereie er kristne, og inviterer også til bibeltimar, onsdagsmøte og bibelgrupper. Dei siste prøver ein å dela inn slik at dei som er på gruppe i lag er på nokonlunde same alder. Men no vil dei også prøva på noko som vert kalla «Sammen på tvers». Dei som vil vera med på det vert kobla saman med andre par og familiar, gjerne på tvers av generasjonane. Tanken er at dei som er saman på denne måten kan vera til hjelp for kvarandre på ulike område, både praktisk og åndeleg. I og med at det no er mange småbarnsfamiliar knytt til forsamlinga vil ein også starta opp med småbarnstreff ein gong i veka. Dette er eit samarbeid med Frekhaug Indremisjon, slik at samlingane vert annankvar veke i Knarvik og på Frekhaug.
I oktober blir det invitert til «menighetsweekend» på Raknestunet, håpet er fullt hus då og.
Men sjølvsagt er det også eit sterkt ønske om vokster i forsamlinga også ved at nye vert frelste. Difor blir det lagt opp til at både tale, songar og anna innhald i møta skal vera tilrettelagt også for dei som ikkje har høyrt til i bedehussamanhengen heile livet. Denne hausten legg ein opp til ulike tema på gudstenestene. Hovudtemaet er «Andens frukt», så blir det fokus på dei ulike sider ved dette utfrå Galatarbrevet 5.

«Bandet» i Knarvik Misjonshus 13. september, beståande av Jan Ove, Karoline og Elias Brandsæter.
Både nye og gamle songar er i bruk når det vert invitert til gudsteneste. (øvste bilde)
Tekst og foto: Asle Hetlebakke