56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Bedehuset på Nautnes har stått der sidan 1902, neste år vert det jubileum.

Det har skjedd store endringar i bedehusgeografien i gamle Øygarden kommune dei seinare åra. Fleire av dei opprinneleg 15 bedehusa er selde, andre har gått over til å vera grendehus. Nokre stader vart det slik fordi ingen tok på seg oppgåvene vidare, andre stader er det rett og slett fordi kommunikasjonane no er heilt annleis, og folk kan mykje lettare reisa til møte og samlingar i ulike forsamlingar.

Det nordlegaste bedehuset i aktiv drift står no på Nautnes. Huset er bygd i 1902, og er framleis i bruk både av barn og vaksne. -Folk vil gjerne ha bedehuset her, det ser me mellom anna gjennom stor støtte når me har basarar, fortel Bodil Martinussen, som er leiar i bedehuset. For nokre år sidan var det også asylmottak i bygda, og då kom mange av bebuarane der til bedehuset på ulike samlingar.

Det er ingen som får raudt lys og er utestengde frå Nautnes bedehus. Lysreguleringa gjeld den einvegskjørte brua som går berre nokre meter frå bedehusveggen.

Siste torsdagen i september var det som vanleg klart for bibeltime i bedehuset. Til desse samlingane kjem det folk frå Oen til Hellesøy, til tider også nokon som bur lenger sør i Øygarden. Som oftast stiller Nordhordland Indremisjon med bibeltimehaldar, denne gongen er Asle Hetlebakke utsending. Kantoren i Øygarden, Øystein Steinsland, spelar til allsongen og syng også nokre sanger til forsamlinga. Møteleiinga går på omgang mellom folk frå Hellesøy, Nautnes og Tjeldstø, denne gongen har Bodil Martinussen oppgåva. -Det er så godt å sjå kvarandre, og så godt å kunna dela Guds ord i lag på denne måten, helsar ho forsamlinga med.

Ikkje alle reiser heim igjen med ein gong møtet er slutt. Her gjeld det å nytta tida til å få ein god prat med folk frå ulike bygder.

På Nautnes har det som oftast også vore arbeid for barn og ungdomar i bedehuset. Slik er det også no. Nokre av dei yngre i bedehusstyret er blant leiarane som samlar borna i bygda. -Sist dei var samla var det fullt rundt borda i møtesalen. Det gler me oss stort over, seier leiarane i forsamlinga på Nautnes.

Bodil Martinussen

Tekst og foto: Asle Hetlebakke