56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Det er ein mørk haustkveld på Stamnes i Vaksdal kommune. Men litt høgt oppe i bygda er flomlyset retta mot kyrkja, og like ved er det lyst i det gulmalte bedehuset, som deler parkeringsplass med kyrkja. Stamnes Indremisjon har invitert til møte denne onsdagen som så mange gonger før gjennom snart 150 år. Det er ikkje fullt inne, men elleve menneske har funne saman om Guds ord som dei deler gjennom tale, vitnemål og song. Her inne har mange generasjonar etterkvart samlast på denne måten. Og denne onsdagen er fleire generasjonar på plass i bedehuset.

Mørkt ute, men lyst inne, i alle fall der folket skal samlast. I salen på andre sida av bedehuset er det nok ein gang klart for møte på Stamnes.

Stamnes Indremisjonsforening vart stifta hausten 1878, «under emissær Haldorsen si verksemd», som det står i historiebøkene. Det var altså Nordhordland Indremisjon sin første utsending, Johan Haldorsen, som hadde møte på Stamnes då tanken om indremisjonsforening kom opp. Dette var same året som Nordhordland Indremisjon vart skipa. Stamnes er framleis tilslutta denne organisasjonen, og ca ein gong i månaden er forkynnarar herifrå på besøk i bedehuset. I 1878 og ein god del år framover var sjøen vegen til Stamnes. No er det veg både i retning Eidslandet og i retning Dale, men smalt og svingete er det uansett kva retning du tar.

Bedehuset på Stamnes vart vigsla i 1960, og som dei fleste stader har verksemda gått litt opp og ned. Tidlegare var her både ungdomskor, yngres- og VING-lag i bedehuset, no er dette historie. Men etter møteslutt vert stolane omplasserte i ein halvsirkel, for dagen etter skal barnekoret ha øving. Der er dei fleste barna i bygda med. Og då bedehusbasaren vart avvikla for nokre dagar sidan, var barnekoret på scena og song, og huset var fullsett av bygdefolk som ville støtta opp om bedehuset.

Frontbildet i Stamnes bedehus.

Jarle Rosvold opna møtet denne onsdagen med å minna om nokre bibelord frå Romarbrevet. -Eg må stadig tilbake til Romarbrevet 7 og 8, og tenk at det står i 8,1 at det finst ikkje fordømming for dei som er i Kristus Jesus, sa han. Han innrøma at det slett ikkje alltid var så lett å tru, for ein kan absolutt kjenna på fordømming, men slik talar Guds ord, og då skal vi få ta det til oss.

I talen fekk vi saman undra oss over Gud som skapar, både av jorda, universet og det som enno høyrer framtida til. Og etter å ha fått med seg Guds velsigning går flokken ut i den mørke kvelden. Nok ein gang har Stamnes Indremisjon samla folket om Guds ord.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke