Nordhordland Indremisjon sitt årsmøte 6. juni har vedtatt at Ove Fotland (bildet) held fram som formann også det neste året. I utgangspunktet måtte han no ut av styret etter å ha vore med i seks år. Men etter at formannskandidaten valnemnda hadde innstilt trakk sitt kandidatur, vart dette til slutt løysinga som vart tilrådd for årsmøtet. Årsmøtet gav samrøystes dispensasjon frå lova, og alle utsendingane gav si stemme til Fotland. Han er pensjonist, busett i Hordvik og aktiv i bedehusarbeidet der.
Det vart vidare noko utskifting i krinsstyret dette året. Kjell Bognøy vart attvald for to nye år, nye medlemar vart Pål Gabrielsen og Anita Krossøy Pedersen. Varamedlemane neste året er Lars Ole Birkeland, Karoline Romarheim og Tone Marit Vedå.
Dei tre som har eitt år bak seg i styret og sit eitt år til er Signe Hjellvik, Håvard Andvik og Karoline Holta Brandsæter.
Det vart også peika ut tre medlemar til barne- og ungdomsnemnda. Andrea Waldow Fyllingsnes, Ingrid Nævdal Hauge og Cecilie Skår Holmgren vart valt inn for dei neste tre åra. David Sæle Kjenes, Hege Romarheim og Sofie Romarheim er varamedlemar. Frå før sit Simon Sæle Kjenes og Sarah Monstad i nemnda.