Jesus tek seg av den eine
Gjennom åra har vi hatt fadderbarn i heimen, barn frå ulike delar av verda som vi har betalt ein månadleg sum for, for at dei skulle få opplæring og betre livsvilkår med håp for framtida. Ein av desse var Depak Sooren, ein indisk gut. Ein gut i eit land med mest 1,5 milliardar menneske (verdas mest folkerike land). Duger dette til noko? Eitt barn i verdas folkemylder!
Ja, vi må lære av Jesus – midt i folkemylderet såg han den eine, og tok seg av den eine.
Då Jesus gjesta Jeriko og drog gjennom byen, var det så tett med folk at borna og dei som var små av vokster, var ute av stand til å få sjå Jesus. Men Jesus såg ein i dette mylder av folk som bar på ein lengt etter å sjå Meisteren. Sakkeus – i dag lyt eg vera hos deg! (Luk 19,5) «Jesus tek seg av den eine som om ingen andre var» (T. Bjerkrheim, 1969)
Heile vår trusforankring ligg i dette at vi har eit personleg forhold til Jesus. Eg har kalla deg med namn, seier Herren gjennom profeten Jesaja (43,1). Tenk det. I dåpen, då vart krossmerket teikna over deg og namnet ditt vart nemnt. Slik begynte det. Og kvar dag seinare kan vi sanna at vår personlege livslagnad har vi i relasjon til Jesus . Apostelen seier det slik: I deg er det vi lever og rører oss og er til. Apg 17,28. Dette er det store; Jesus er nær. Han kjenner deg og veit kva du treng. Anten dagen er lys med glede og takksemd, eller du sit i vemod og sorg med sukk og klage. Eller kanskje du no er inne i ditt livs kamp mot livstruande sjukdom. Jesus ser deg, den eine og lyttar til naudropet! For tanken er dette for vanskeleg, men trua kan gripa om ordet, løftet – og venda seg til han som seier: Kom til meg, du som kjempar og har tunge bører. Eg ser deg! Eg høyrer di bøn, sjølv om det mest er sukk og naudrop. – i den kampen du står i, i sorga di eller i di takksemd og glede. Du kan alltid påkalle Jesus og vite at han ser og høyrer nettopp deg.
Og i misjonstenesta – visst ønskjer vi å nå mange, men dei mange består alltid av enkeltpersonar som er elska av Gud. Difor er den eine alltid viktig. Difor trur eg og ber om at Depak Soren skal bli forankra i trua på Jesus og bli eit sterkt vitne for sine i India. Vårt bidrag til misjonen er lite i forhold til misjonens store globale utfordring. Men det kan vera nok til at ein får høyra evangeliet, få ei ny framtid og bli til velsigning for mange i sin samanheng. Alt er mogleg for Gud!
Arnfinn Norheim, fritidsforkynnar
Illustrasjon om Sakkeus frå freebibleimages