Nye går inn i vaktmeisterarbeidet på Raknestunet, med og utan løn.
Rune Melhus har no gått over i pensjonistane sine rekker etter fire år som vaktmeister på Raknestunet. Han har vorte pensjonist ein gang før, då han gjekk av etter 37 år som automatikar på Mongstad. Sidan huset vart tatt i bruk igjen etter den siste utbygginga i 2022 har han hatt ansvaret for drift og vedlikehald av leirstaden. Melhus er busett på Kløvheim. Stillingsprosenten har variert noko desse åra, og når han no sluttar, står to klare til å gå inn i denne oppgåva.
No har Steinar Husdal tatt over noko av dette ansvaret. Han bur på Haugland i Arna, og skal ha ansvaret for drifta av alt det tekniske på Raknestunet. Ventilasjon, varme, heisar, maskiner og mykje anna er viktige ting som må fungera. Husdal er tilsett i 15 prosent stilling, og kjem til å vera innom Raknestunet minst ein dag i veka. Han vil også ha eit særleg ansvar for å skaffa dugnadshjelp til dei mange praktiske oppgåver som skal utførast, og organisera dette arbeidet.
Kjell Bognøy frå Åsane kjem til å ta seg av det meir vanlege vaktmeisterarbeidet, og vil ikkje minst ha ansvaret for -det som må reparerast og flikkast på. Bognøy kjem til å vera på Raknestunet ein dag i veka, men han skal ikkje inn på løningslista. Han går inn som frivillig medarbeidar i denne tenesta, då han sjølv no vert pensjonist etter å ha drive eige tømrarfirma i mange år.
-Vi er glade for denne løysinga, og trur desse to kan utfylla kvarandre på ein god måte, også kombinert med ein god del andre som kjem innom og utfører dugnadsarbeid, seier dagleg leiar Bjarte Vesetvik.

Rune Melhus

Steinar Husdal

Kjell Bognøy
Tekst og foto:Asle Hetlebakke