56 17 70 25 nordhordland@imf.no

19 flotte pensjonistar og fem leiarar tok turen til Raknestunet dei fire første junidagane. Pensjonistleir inneber bibeltimar og kveldsmøte, men også mykje lått og løye, sporlaup, skogstur og hobbyarbeid. For ikkje å snakka om mange gode måltid både i matsalen og peisestova.

-Dette har vore ein fest, sa ei av deltakarane då ho reiste heim torsdag ettermiddag, og det verka som om dei fleste var heilt einige om dette. Flokken vart sterkt samansveisa, alle snakka med alle, og ein fekk merka at det er nokre velsigna band som bind Guds folk saman. Dei fleste kom frå området Nordhordland Indremisjon har som arbeidsmark, dei mest langvegsfarande var eit par frå Kristiansand. Nokre av deltakarane hadde passert nitti, andre nærmar seg sytti.

Ein dag på pensjonistleir startar med ein lang, god og roleg frukost. Rett nok har enkelte vore oppe i fleire timar allereie, men dette er den første fellessamlinga. Så er det tid for bibeltime. Denne inkluderer også ei bønestund, og i dei ulike bønegruppene summa det godt når bøneemne og erfaringar frå livet vart delte.

Onsdag var det sporløp etter bibeltimen, og «dei gamle» fekk ta seg ut både i fotballsparking, erteposekast og ein versjon av Kims leik. I tillegg skulle dei mellom anna identifisera kjende personar utfrå bilete og svara på kor mange det er i ein skokk. Sjølvsagt vart det vinnarkrus på vinnarlaget.

Middag høyrer med, både steik og torsk vart servert, og særleg fiskemiddagen var eit populært innslag. Etterpå vart det middagskvil for ein del, men mange var også med på skogstur ein av dagane.

Nattverdmøte og festkveld var sist på programmet onsdag. På den siste var det mellom anna omvendt basar, og veit du ikkje kva det er får du koma ein tur på neste pensjonistleir.

Og trudde du at pensjonistleir berre er alvor og tungsinn og prat om alle helseproblem som høyrer med til alderdommen, tar du feil. Her er humøret på topp, og både i matsalen og peisestova vart latterdørene opna av ulike grunnar.

Spreke pensjonistar har kome fram til Dalevatnet.

Arnfinn Norheim hadde bibeltimar om bøn, særleg om bøna Jesus lærte læresveinane å be. Her er nokre sitat frå timane:

-Den som kan be Fader Vår med eit rett hjarte, ber den beste og rettaste bøn ein kan be.

-Eg har ikkje fortent å få noko i mitt eige namn, men eg får koma i Jesu namn, og han har fortent alt.

Når du bed om frelse skal du be med fridom, for Gud vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

-Bøna kjem ikkje imot oss som eit krav, men Gud seier «Kom!»

-Bøna «Gjev oss i dag vårt daglege brød» femnar heile vår livssituasjon.

Tekst, foto og leirsjef: Asle Hetlebakke