Heilt sidan 1965 har det vore ein stemnedag på Raknestunet i august. I år vart Raknestundagen arrangert søndag 16, og då møtet tok til kl.11 var det fullt i alle salane. I tillegg fekk ein del møtet med seg i peisestova der det var overføring av lyd og bilde.
Møtet hadde med seg ein god del tilbakeblikk på det som har skjedd på leirane i sommar. Det vart vist film og bilde frå dei ulike leirane, leirsongane stod på programmet, og Asle Hetlebakke gav eit innblikk i temaet for sommaren i andakten. Her fekk tilhøyrarane ein kortversjon av det som har vore forkynt på bibeltimar og kveldsmøte på barneleirane.
Betasuppa var dette året bytta ut med hamburgarar og hotdog, og mange nytta høvet til å ta søndagsmiddagen på Raknestunet. I tillegg var det fullt mogleg å kjøpa kaker og kaffi, eller is og brus i kiosken.

Litt kø når alle skal ha seg mat på ein gong, men alle fekk .
Ei stund ut i matøkta var misjonstivoliet i full gang. Her kunne ein få mala ansiktet, hoppa på svære trampoliner i gymsalen, svara på spørsmål eller kjøpa sukkerspinn og popcorn, for å nemna noko. Sjølvsagt mest for den yngre delen av forsamlinga, dei vaksne og eldre brukte tida til å prata med kjende og ukjende rundt borda. Og faktisk heldt regnet seg vekke dei timane tivoliet stod på. Det regna godt på morgonen, og i skrivande stund, rundt ein time etter at det heile vart avslutta, regnar det godt ute.

Aktivitetsrommet var gjort om til eit stort trampolinerom.

Ivrige dugnadsarbeidarar frå Arna tok seg av den praktiske delen av arrangementet i år. Matsal var ei av arbeidsoppgåvene.

Gabriel og Daniel produserte store mengder sukkerspinn og var populære på Raknestundagen.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke