56 17 70 25 nordhordland@imf.no

På nyårsmøte 6.-8.januar skal vi denne gongen ha noko vi ikkje har hatt før, nemlig basar.

Til dette så treng vi mange premiar, slik at det vert ein gøy og spanande basar.

Har du ein eller fleire gevinstar du har lyst til å gje til Nordhordland Indremisjon, som vi kan lodde ut på basaren?

I så fall set vi stor pris på det!

Ta i så fall kontakt med krinskontoret på e-post eller telefon:

E-post: nordhordland@imf.no

Telefon: 56 17 70 25 (kontoret stengt fram til 3.januar, ring kontorleiar Bjarte Vesetvik på 99642469 viss du vil ringe før 3.januar). Då registrerer vi gevinsten, og så kan de sjølv ta den med laurdagen på nyårsmøtet, viss de skal vere med der, ellers avtalar vi anna levering eller henting.

Vi tek imot alle typar premiar, men ynskjer spesielt premiar som er barne- og familievennlige.

Vi tenkte òg å prøve å få mange fruktkorger med anna godt oppi, så viss nokon har kontaktar i daglegvarebransjen, så ta gjerne kontakt.

Ynskjer dykk alle ei god jul og ei god romjulstid!