Helen Romarheim skal informera om folkehøgskulen på Frekhaug, og ha møte rundt i ein heil del bedehus både i haust og vidare framover.
-Eg visste nok ikkje så veldig mykje om Nordhordland Folkehøgskole før eg vart ein del av personalet her sjølv, og no er det viktig for meg å få informera godt om skulen til misjonsfolket som faktisk er eigarane, seier Helen Romarheim. Ho er no tilsett i full stilling ved skulen. Ein god del av tida har ho oppgåver ved kontoret og knytt til utleigeverksemda, så er det i tillegg mange ting som skal på plass i ein travel skulekvardag. Men ho skal også nytta noko av tida si til PR- og informasjonsarbeid. -Det vil mellom anna innebera å ha ein del møte rundt i Nordhordland Indremisjon sitt distrikt. Her vil eg forkynna, men også fortelja frå skulekvardagen vår. Eg trur det er svært viktig at dei som høyrer til i dei ulike bedehusa veit at me har ein slik skule som også er ei enorm misjonsmark. Ikkje minst ønskjer eg å verva forbedarar som kan be både for elevar og personale ved skulen, seier Romarheim. -Eg har mellom anna opplevd at det er slett ikkje alle eg møter på denne måten som er klar over at Nordhordland Indremisjon eig den største folkehøgskulen i landet, fortel ho.
Bilde: Helen Romarheim ved kontorpulten på Nordhordland Folkehøgskole.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke