56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Den komande søndagsteksten handlar om det store gjestebodet, likninga Jesus fortel i Luukas 14. Mange vert inviterte til gjestebod, og alle desse får høyra orda «Kom, for no er alt ferdig». Men alle saman kjem med ulike orsakingar for kvifor dei ikkje vil ta imot invitasjonen. Menneskeleg sett oppgjev alle gode grunnar, men det førte altså til at dei ikkje var i gjestebodsalen då dørene vart lukka og festen tok til.

Så er vel biletbruken her ganske tydeleg. Likninga kjem og som eit tilsvar til ein som seier at «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike». Det handlar altså om Guds rike, himmelriket, og om det evige livet som der skal utfalda seg. Ikkje alle vert med dit, og invitasjonen går ut her i livet.

Ein fest med mange gjester kan vera ein kostbar affære. Og med tanke på himmelfesten ser det ikkje ut til å vera spart på noko. Gud vil gjerne ha alle med, og mange av hans tenarar er stadig «på farten» og inviterer. «Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt», er oppdraget til tenaren etter at alle dei som opprinneleg stod på gjestelista hadde sagt nei. Og Gud har ordna med alle inngangsbillettane. Dei vert delte ut av nåde, heilt gratis, men det inneber ikkje at arrangementet er kostnadsfritt. Nei, «De er kjøpte, og prisen er betalt», står det i 1. Kor. 6.20. «Det kostet Jesu dyre blod å frelse meg en dag», skriv songaren. Jesus kjøpte alle himmelbillettane, og han deler ut til kvar som vil ta imot hans nåde og frelse i tru. Du har vel tatt imot billetten din?

Asle Hetlebakke

Illustrasjon frå FreeBibleImages