Heilt sidan 1898 har det vore pinsestemne på Romarheim dei aller fleste åra. Også i år inviterte bedehusfolket i bygda til eit slikt stemne, og mange møtte opp. -Eg er litt pessimist med tanke på oppmøtet i år, sa styreleiar Karoline Romarheim tjue minutt før møtestart. Men då møtet starta opp var salen fullsett. Skyvedøra mot småsalen måtte og opnast, og også der inne var mange samla. Ein heil gjeng gjekk over til skulebygget ved sida av bedehuset ei stund ut i møtet. Der var det samling for barna, og rundt 25 barn deltok her i lag med ein del vaksne.
Dei fleste pinsestemna har ikkje vore i bedehuset, som ikkje er 50 år gamalt enno. Det gamle skulehuset var arena for stemnet i mange år, før det vart løer i bygda tatt i bruk som møtelokale. Men i alle desse åra har folk kome til stemnet, også mange frå andre bygder. Det er også ein god del utflytta romarheimingar som kjem heim til pinse for å vera med på dette tradisjonsrike møtet, og nokre av dei tar gjerne eit tak i dei mange praktiske oppgåver som må utførast ein slik dag.
Karoline Romarheim leia føremiddagsmøtet, og minna mellom anna om kva ånd ein kristen har fått. -Det er ikkje ei ånd som gjer motlaus, men Guds heilage ande, var bodskapen.
I svært mange år har det vore slik at Nordhordland Indremisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband stiller med ein talar kvar på pinsestemnet. -Då eg var liten synes eg talane var altfor lange og mange, og at det var for mykje at det skulle vera to talarar, fortel ei av dei yngre møtedeltakarane. Men også i år var to med. Frå NLM var Ann Chatrin Alnes med som talar, Asle Hetlebakke representerte indremisjonen. På føremiddagsmøtet var han innom både jødisk og kristen påske, i tillegg til jødisk og kristen pinse.
-Når Gud stig ned, kan allting skje, var eit hovudpunkt i Alnes sin tale på ettermiddagsmøtet. Ho deltok også med sang på møta, i tillegg var fire musikarar og songarar frå Leiknes med på begge møta denne pinsedagen.
På kjøkenet var Solveig Romarheim sjefen, og stod mellom anna for koking av 150 liter betasuppe. Det var ikkje så mykje att når alle hadde ete seg mette, men også kjøken- og serveringsgjengen kunne setja seg ned og forsyna seg etter at dei andre var ferdige. Det var ikkje mange ledige stolar i matsalen då alle hadde funne plassen sin der. Dei som ville kunne og få hotdog, barna fekk både is og brus, og mange ulike kaker, inkludert marsipankake, stod også på menyen. -Mange stader er det slik at folk må stå opp tidleg 17. mai, for det skal skje så mykje. Her på Romarheim startar 17.-maifeiringa ganske seint på dagen, så me slepp stressa på føremiddagen. Men for oss er pinsedagen nesten vår 17. mai. Då må me tidleg opp, og gler oss over at mange kjem og vil vera med på dette tradisjonsrike arrangementet, seier Karoline Romarheim.
Fram til for nokre få år sidan var det også nattverdmøte om kvelden pinsedag. No er nattverddelen lagt inn i føremiddagsmøtet andre pinsedag. Då held pinsestemnet fram også i år. Og neste år? Då fell 17.mai og andre pinsedag saman, så då vert pinsestemnet innskrenka til ein dag.

Forsangarar og musikarar frå Midtgård bedehus leia allsangen både for små og store på pinsestemnet på Romarheim.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke