56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Forrige laurdag stilte 35-40 personar opp på dugnad på Raknestunet, og då fekk me gjort veldig mykje. Me takkar alle som møtte opp der og gjorde ein framifrå innsats!

Men framleis er det ein del som må gjerast før tunet er klart for bruk, så me treng mange frivillige òg førstkomande laurdag, 28.mai.

Ting som skal gjerast no er vasking av rom, litt montering av inventar og generelt ein del bæring.

-Stolar og bord skal flyttast på plass i møtesal og matsal

-Ein del som må vaskast og settast på plass på kjøkkenet

-Montere og sette på plass utstyr i aktivitetsrom

-Utvask av internatrom

-Diverse plukk utandørs, til dømes klargjering av tarzan-løype

Flott om du eller andre har høve til å vere med denne laurdagen òg!

Velkomen!

Send gjerne beskjed til Martin Eknes viss du kjem. Ring eller send SMS på 41320754.

Folk må ta med seg nista, gjerne litt verktøy (men me har ein del) og arbeidsklær.

Me byrjar ca. kl. 9 , og heldt på så lenge me har energi att, men satsar gjerne på å avslutte i 16-tida.