-Jesus betyr alt for meg
Ingrid Nævdal Hauge er tilsett i Nordhordland Indremisjon i ei 20 prosent stilling. Ho er ein god del med på leir på Raknestunet, og har ansvaret for ei jentebibelgruppe som har fått namnet «Søstrene». I tillegg har ho eit hovudansvar for å rekruttera og halda kontakten med unge leirleiarar.
Ingrid har også ei tilsvarande stilling knytt til Midtgård bedehus i heimbygda Leknes. Også her er det ungdomsarbeidet som er hovudarbeidsområdet.
-Det er så flott å få arbeida med å få læra barna og dei unge om det viktigaste, både i det lokale arbeidet og på leir. Sjølv har eg lært svært mykje på Raknestunet, og ser verdien av at dei skal bli kjent med Jesus her. Jesus betyr alt for meg, og eg har alltid opplevd Raknestunet som ein fin og trygg stad å koma til. Her har eg blitt sett og fått mange gode relasjonar, seier Ingrid, og fortel om seg sjølv som 10.klassing. -Då fekk eg oppleva å møta Jesus på leir, og eg opplevde rett og slett Raknestunet som ein smak av himmelen. Og no får eg altså lov til å bruka noko av arbeidstida mi her, strålar Ingrid Nævdal Hauge.